Pasientkommunikasjon er kontakten mellom helsepersonellet og pasienten. Dette gjeld både den målretta samtalen for å oppnå ei felles forståing av problema til pasienten og ein felles aksept for den behandlinga som blir sett i verk, og samtalen som behandling, det vil seie alt frå trøyst og informasjon til meir systematisk samtalebehandling.

Faktaboks

Etymologi
av latin communicare, ‘gjere felles’

Den viktigaste kommunikasjonen går føre seg gjennom samtalen, men også kroppsspråket er eit viktig kommunikasjonsmiddel. Behandlaren kan til dømes gjennom kroppsspråket sitt signalisere mistru til det pasienten seier. Pasienten kan på liknande måte gi uttrykk for uro og uvisse, sjølv om vedkomande ikkje ønskjer eller klarer å setje ord på desse kjenslene.

God kommunikasjon er kjenneteikna av at pasienten kjenner seg forstått og at problema hens blir tekne på alvor. Tidspress, konsultasjonar som blir avbrotne av telefonar, og ufornuftig bruk av datamaskiner på legekontora kan øydeleggje kommunikasjonen.

Mange av klagene på helsetenesta kan sporast tilbake til kommunikasjonssvikt. God kommunikasjon er ein føresetnad for eit godt pasient–behandlar-forhold. Undervisning i kommunikasjon og kommunikasjonsteknikkar inngår i grunnutdanninga av helsepersonell.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg