Regionalt helseforetak, også kjent under forkortinga RHF, er eit statseigd helseføretak som omfattar alle offentlege verksemder innanfor spesialisthelsetenesta i eit geografisk definert område, ein region. Dei regionale helseføretaka har som oppgåve å leggja til rette for spesialisthelsetenester, forsking, undervisning og andre tenester som står i naturleg samanheng med dette.

Faktaboks

Også kjend som
RHF

Kvart av dei regionale helseføretaka består av fleire helseføretak, forkorta HF, som omfattar eitt eller fleire sjukehus. Kvart helseføretak er heileigd av eit av dei fire regionale helseføretaka. Nokre helseføretak med spesielle funksjonar er eigde av dei fire regionale helseføretaka i fellesskap. Dette gjeld til dømes Luftambulansetenesta HF.

Dei regionale helseføretaka er regulerte gjennom helseføretaklova av 15. juni 2001 og er også forplikta av krav i anna helselovgiving, ikkje minst spesialisthelsetenestelova, helsepersonellova, pasientrettslova og helseforskingslova.

Staten ved departementet eig dei regionale helseføretaka. Helse- og omsorgsdepartementet styrer dei regionale helseføretaka gjennom årlege oppdragsbrev, med tildeling av økonomiske rammer og krav til tenesteytinga. Gjennom å kalla inn til føretaksmøte (tilsvarande ei generalforsamling for aksjeselskap) i det regionale helseføretaket, og val av styremedlemmer, kan departementet gjennom statsråden utøva eigarmakta si. På same måte som departementet styrer dei regionale helseføretaka, har desse igjen styringsansvar overfor dei helseføretaka dei sjølve eig. Dette kjem også fram av dei årlege styringsdokumenta som dei regionale helseføretaka sender til dei underliggjande helseføretaka sine.

Historikk

I 2002, ved omorganiseringa av spesialisthelsetenesta, blei det etablert fem regionale helseføretak i Noreg. Fem år seinare, i 2007, blei Helse sør RHF og Helse aust RHF slått saman til Helse sør-aust RHF, og det er frå dette året fire regionale helseføretak:

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar (3)

skreiv Fartein Geithus

"Statsråden er generalforsamling i det regionale helseforetaket og kan også styre gjennom denne, da ikke minst gjennom utpeking av styremedlemmer for det regionale helseforetaket." Her manglar det vel eit ord eller to. Kva med: Statsråden har øvste mydigheit i generalforsamlinga...

svarte Sverre Olav Lundal

Så vidt eg kan sjå, må ordlyden i artikkelen vera dekkjande. Statsråden er ikkje berre øvste myndigheit i generalforsamlinga (føretaksmøtet), han ER føretaksmøtet som eineeigar. Myndet sitt utøver han ikkje minst gjennom å velja eigar sin del av styremedlemene i det regionale helseføretaket.

svarte Geir Sverre Braut

Ja, dette er eigentleg eit godt spørsmål, som eg trur har eit veldig enkelt svar. Etter § 3 i helseforetaksloven (lov 15.6.2001 nr. 93) er det staten ved departementet som er eigar, og det er eigar. Eigaren kallar inn og styrer foretaksmøtet (jf. kapittel 5), så omgrepet generalforsamling er eigentleg upresist, men sikkert opprinneleg brukt i denne artikkelen for å visa likskapen med eit aksjeselskap. Foretaksmøtet er eigentleg litt annleis enn ei vanleg generalforsamling. Eg skal skriva eit justert forslag som introduserer omgrepet føretaksmøte. Då blir det klårare, jf. også Lundals innspel.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg