Eliminasjonsdiett er ein diett der utvalde matvarer eller ingrediensar er fjerna. Eliminasjonsdiett blir brukt både til diagnose og til behandling.

Faktaboks

Etymologi

Eliminere - å ta bort, fjerne

Eliminasjonsdiett som hjelpemiddel i diagnostikk

Eliminasjonsdiett blir brukt som hjelpemiddel for å finne ut om noko i maten er årsak til symptom og sjukdom. Brukt til dette føremålet har eliminasjonsdietten to fasar: Det er eliminasjonsfasen då nokre matvarer eller ingrediensar er fjerna, og reintroduksjonsfasen då dei fjerna matvarene blir tekne inn att i kosthaldet. Pasienten (eller pårørande) bør i begge fasane føre dagbok med nøyaktig liste over kva ein har ete og opplevde symptom.

I eliminasjonsfasen fjernar ein frå kosthaldet den eller dei matvarene eller ingrediensane (for eksempel kumjølk og/eller tomat og/eller nøtter) som ein mistenkjer er årsak til symptoma. Ein observerer så om pasienten sine symptom blir borte eller tydeleg svekka. Denne fasen varer vanlegvis to til fire veker. Dersom responsen er positiv, slik at pasienten vert bra eller tydeleg betre, går ein så vidare med reintroduksjonsfasen for å finne ut nøyaktig kva for ei av dei fjerna matvarene eller ingrediensane som er årsak til symptoma.

I reintroduksjonsfasen tek ein inn att i kosthaldet med 2–3 dagars mellomrom ei etter ei av dei matvarene eller ingrediensane som var tekne vekk, for å sjå om symptoma kjem attende på grunn av denne spesielle matvara eller ingrediensen. Slik finn ein den eller dei spesielle matvarene som er årsak til symptoma.

Eliminasjonsdiett brukt til diagnose bør gjennomførast i samråd med lege. Den bør ikkje vare meir enn fire til seks veker på grunn av risikoen for mangelfull ernæring, særleg hos barn.

Eliminasjonsdiettar er mest pålitelege dersom pasienten ikkje veit når matvarer eller ingrediensar blir tekne bort, og når dei blir tekne inn att i kosthaldet (blinda eliminasjon og reintroduksjon), men i praksis er dette ofte vanskeleg å få til.

Eliminasjonsdiettar kan vere eit godt hjelpemiddel i diagnosearbeidet, men er vanlegvis aleine ikkje pålitelege nok til å stille ein diagnose. Det er ein klår tendens til at for mange matvarer eller ingrediensar blir «funne skuldige» ved eliminasjonsdiettar.

Eliminasjonsdiett blir mest brukt i diagnosen av matallergi.

Eliminasjonsdiett i behandling

Dersom det er vist at ein pasient ikkje tåler ei eller fleire matvarer eller ingrediensar, kan ein eliminasjondiett bli brukt i behandlinga. Nokre gongar er dette det einaste moglege og heilt nødvendige hjelpemiddelet, slik som ved matallergi og ved glutenintoleranse (cøliaki) og nokre metabolske sjukdommar. Sjå meir under dei aktuelle sjukdommane.

Eliminasjondiett som behandling må på grunn av risikoen for feilernæring alltid bli gjennomført i samråd med lege eller ernæringsfysiolog.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg