Akutte allergiske reaksjonar mot mat kan vere av alle styrkegradar, frå lette symptom til livstruande anafylaktiske reaksjonar. Pasientar med alvorleg matallergi vil ofte vere utstyrt med adrenalinsprøyter, EpiPen, som ein bør vere rask til å bruke samstundes som medisinsk hjelp blir tilkalla som øyeblikkeleg hjelp. Pasienten bør ligge med heva bein til medisinsk personell kjem.
Utanom behandling av akutte reaksjonar, er den einaste behandlinga for pasientar som har fått stilt diagnosen matallergi å unngå den maten som dei reagerer mot. Dette er likevel ikkje lett å gjennomføre i praksis, og kan særleg hos barn føre til sosial stigmatisering. Det kan og resultere i mangelfull ernæring dersom ein ikkje er nøye med kosthaldet. Grundig diagnostisering og undersøking er difor viktig for å finne ut om det er nødvendig å unngå visse matvarer (leve på diett), og ein bør aldri tak vekk matvarer frå kosten til barn over lengre tid utan at det skjer i samråd med lege.
Å leve på ein diett med eit avgrensa utvalg matvarer gir først og fremst ei rad praktiske og sosiale problem. Forskning syner at ein sjeldan greier å unngå ei matvare fullstendig i lang tid. For vaksne vil de fleste diettane ha små konsekvensar for næringsinntaket. Det er større risiko for mangelfull ernæring (feilernæring, mangelsjukdommar) for barn og unge i vekst, spesielt dersom ein ikkje kan ete basismatvarer som mjølk, fisk og egg. Det er difor svært viktig at pasienten får individuell rettleiing og konkrete råd om kosthaldet sitt, og at det med års mellomrom blir undersøkt om pasienten framleis er allergisk.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.