Artikkelstart
Diagnose er namn på sjukdomar eller tilstandar med felles kjenneteikn. Nokre diagnosar viser til tilstandar med same årsak. Til dømes er tuberkolose namnet på alle sjukdomar som tuberkelbakterien er årsak til. Andre diagnosar viser til dei kroppslege endringane som kjem av sjukdommen. Hjertekrampe er plagar som kjem av innsnevring av koronar-arteriane til hjartet. Ein tredje gruppe diagnosar er berre rein omtale av plagane til pasienten slik som lumbago (smertar i korsryggen), kafalalgi (hovudpine) og fibromyalgi (kroniske utbreidde muskelsmerter). Korrekt diagnose er ein føresetnad for fullgod behandling og for vurdering av utviklinga av og prognosen for sjukdomen.
Faktaboks
- Uttale
-
diagnˈose
- Etymologi
-
av gresk dia, ‘gjennom’, og gnosis, ‘kunnskap’
Kommentarer (2)
skrev Trond Bjørge
skrev Geir Sverre Braut
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.