Intoleransereaksjon er eigentleg det å ikkje tåle noko. I medisinsk språkbruk blir intoleranse oftast nytta om overfølsomheit mot matvarer (matvareintoleranse) og medikament som ikkje er av allergisk natur.

Faktaboks

Uttale
ˈintoleransereaksjon
Etymologi
av latin nektende in-, og tolerare, ‘tåle, holde ut’

Eit eksempel er laktoseintoleranse, som kjem av mangel på eit enzym som bryt ned mjølkesukker (laktose). Laktoseintoleranse er ikkje det samme som mjølkeallergi. Mjølkeallergi har ein heilt annan mekanisme, og har som årsak IgE-antistoff mot protein i mjølka.

Glutenintoleranse (cøliaki) er eit grensetilfelle. Den har som årsak ein annan type aktivering av immunsystemet enn IgE-avhengig allergi, og reaksjonen er delvis retta mot eige vev (autoimmunitet). Glutenintoleranse (cøliaki) har ikkje IgE mot gluten. Fordi ein også kan ha «klassisk» IgE-avhengig allergi mot gluten, bør ein for å unngå misforståelsar ikkje bruke nemninga «glutenallergi» om glutenintoleranse og cøliaki.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg