Artikkelstart
Epikrise er ei kort, samanfattande, skriftleg utgreiing for årsak, utvikling og behandling av sjukdom hos ein pasient. Epikrisen blir utarbeidd etter at undersøking og behandling er ferdig, for eksempel etter eit sjukehusopphald.
Faktaboks
- Uttale
-
epikrˈise
- Etymologi
-
av gresk epi, ‘på’ og krisis, ‘vendepunkt', altså 'avgjerd, vurdering'
Epikrisen blir send til det helsepersonellet som treng opplysingane for å kunne gi pasientane forsvarleg oppfølging. Dette må vere i tråd med krava i § 45 a i helsepersonelloven og § 9 i forskrift om pasientjournal. Pasienten bør bli spurd om kven som skal få tilgang til epikrisen. Dersom pasienten ikkje er i mot det, skal både innleggjande lege, dei som skal følgje opp pasienten og fastlegen til pasienten få tilgang til epikrisen.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.