Histaminase er eit enzym som inneheld koppar. Eit meir moderne namn på dette enzymet er diamin oksidase eller DAO. Histaminase katalyserer dekarboksylering av histamin og omdanning til inaktiv imidazol eddiksyre. Histaminase er viktig for nedbrytinga av histamin i vev utanfor cellene (ekstracellulært).
Faktaboks
- Uttale
-
histaminˈase
- Også kjent som
-
diamin oksidase
Histamin spelar viktige roller ved allergiske sjukdommar, anafylaktiske reaksjonar, pseudoallergiske reaksjonar, histaminintoleranse, iskemi i tarmen og inflammatorisk tarmsjukdom (IBD). Histaminase vart tidleg, alt rundt 1940, prøvd som behandling av allergi utan hell. Det pågår nå forskning med nye metodar for å utvikle behandling med histaminase for å redusere mengda histamin i vevet og med det dempe aktiviteten til dei nemnde sjukdommane.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.