Salutogenese er ein teori om fysisk og psykisk helse som legg vekt på kva som fremjar god helse og gir individet auka meistring og velvære. Salutogenese blei utvikla som ein motsatsteori til patologien, som legg vekt på årsaker til sjukdom.

Faktaboks

Etymologi
opphav til helse, av latin saluto, ‘helse’, og genese, ‘opphav, tilbliing’

Innan den salutogene forståinga har helse med haldninga til livet å gjere – det vil seie haldningar til å takle stress og uventa forhold. Den israelsk-amerikanske sosiologen Aaron Antonovsky (1923–1994) kalla denne haldninga for «sense of coherence» (SOC).

SOC, empowerment og kultur

SOC kan forståast som ei oppleving av samanheng, eller forståinga av situasjonen kvart enkelt individ skal handtere ut frå tre aspekt eller dimensjonar som er i eit gjensidig samspel:

  • om vi trur situasjonen er påverkeleg
  • om vi trur situasjonen lèt seg forklare
  • om vi trur situasjonen byr på overkommelege utfordringar

Å ha ein sterk SOC er ifølgje denne teorien å vere motivert for å handtere stressande situasjonar, ha tru på at ein forstår situasjonen, og ha ressursar tilgjengeleg.

Ideen om empowerment er også sterkt knytt til det salutogenetiske helseomgrepet. Empowerment kan omsetjast med å «ta styring eller makt over» eit fenomen eller objekt. Bruken av omgrepet innan salutogenesen inneber eit mål om at eit individ kan få betre helse ved å utvikle kunnskapen om å ta styring over dei faktorane som er helsefremjande eller gjer ein frisk.

Forholdet mellom helse og deltaking i kulturlivet er også klargjord som eit salutogenetisk verkemiddel til betre helse.

Fire fokusområde

Ifølgje mellom anna Antonovsky kan salutogenese vise veg til betre helse både på samfunns- og individnivå. Teorien legg vekt på merksemd om fire område for helsemessig betring:

  • indre kjensler
  • sosiale relasjonar
  • å vere psykisk stabil
  • å involvere seg i givande aktivitetar

Fordi samspelet mellom personen og omgivnadene alltid vil vere i forandring, er det ikkje mogleg å gi ei fullstendig liste over alle moglege meistringsressursar ein kan ha behov for. Personar som har tilgang til, og evne til å bruke, meistringsressursane i seg sjølv og i omgivnadene sine, vil meistre spenning og få erfaringar som stimulerer til vidare utvikling av SOC, ifølgje salutogenesen. Antonovsky formulerte derfor følgjande definisjon for å identifisere meistringsressursar: «alle karakteristikkar av personen, gruppa eller omgivnadene som kan fremje effektiv meistring av spenning».

Meistringsressursar

I tillegg identifiserte Antonovsky følgjande meistringsressursar, meint som døme på hovudområde. Meistringsressursar kan vere:

  1. Kultur. Kulturen gir kvar og ein av oss ein plass i verda. Dersom kulturen bidreg til at det er meistringsressursar tilgjengeleg på ulike nivå, er han sunn og helsefremjande, ifølgje Antonovsky. Ein kultur som stimulerer til og gjer det mogleg for ein person å delta på ulike arenaer, er ein god kollektiv SOC som kan fremje SOC, helse og velvære for den enkelte.
  2. Sosial støtte. Personar som har nære band til andre og opplever at ein eller fleire bryr seg om dei, løyser ofte spenning lettare enn dei som manglar slike kvalitetar i relasjonane sine. Vissa om at ein har sosial støtte tilgjengeleg, er ofte tilstrekkeleg for at det skal kunne vere ein meistringsressurs. Det har ein tendens til å auke styrken til ein person. Kvaliteten på den sosiale støtta har noko å seie, og nære emosjonelle band er definert som særs viktig, ifølgje Antonovsky.
  3. Religion og verdiar. Dette er meistringsressursar som gir forankring, retning og meining i livet.
  4. Fysiske og biokjemiske ressursar. Døme på fysiske og biokjemiske ressursar kan vere god fysikk, gode gen og eit sterkt immunsystem.
  5. Materielle verdiar. Døme på materielle verdiar er ernæring, klede, pengar og bustad.
  6. Kontinuitet, oversikt og kontroll. Dette er makrososiokulturelle meistringsressursar som blir bestemde av kulturen og samfunnet personen er ein del av, ifølgje Antonovsky.
  7. Meistringsstrategiar. Gode meistringsstrategiar blir kjenneteikna av høg grad av rasjonalitet, fleksibilitet, vidsyn og føreseielegheit, evne til handling og regulering av kjensler.
  8. Kunnskap og intelligens. Kunnskap og intelligens er kognitive ressursar. Kunnskap gir innsikt og aktualiserer val. Handling og medvitne val kan styrkje opplevinga av meistring.
  9. Egoidentitet. Dette er, ifølgje salutogenesen, ein ressurs på det emosjonelle nivået og omhandlar opplevinga personen har av seg sjølv.

Kvaliteten på sosial støtte og egoidentitet blir sett på som spesielt viktige meistringsressursar i denne teorien.

Den salutogene tilnærminga kan vere nyttig ved rehabilitering av pasientar med psykiske plager. Det kan til dømes skje ved at helsearbeidarar legg til rette for at personar får ei oppleving av samanheng ved hjelp av dei ulike meistringsstrategiane.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Antonovsky A. Health, stress and coping. San Francisco. Jossey Boss, 1979.
  • Antonovsky A. The Sense of coherence. A historical and future perspective. Isr J. Med. Sci., 1996.
  • Antonovsky A. Helsens mysterium. Oslo. Gyldendal, 2012.
  • Eriksson, M & Lindström, B. Antonovsky’s sense of coherence scale and the relation with health: A systematic review. J Epidemiol Community Health; 60:376–381, 2006.
  • Griffiths, C.A. Sense of coherence and mental rehabilitation. Clinical Rehabilitation, 23, 72-78, 2009.
  • Konlaan BB: Cultural experience and health. Umeå University medical dissertations, 2001
  • Langeland, E.: Sense of coherence and life satisfaction in people suffering from mental health problems. An intervention study in talk-therapy groups with focus on salutogenesis. Universitetet i Bergen, 2007.
  • Langeland, E. Betydningen av en salutogen tilnærming for å fremme psykisk helse. Sykepleien Forskning, 4, 288-296, 2009.
  • Lindström, B & Eriksson, M. Haikerens guide til salutogenese. Oslo. Gyldendal, 2015.
  • Telnes G. Salutogenese – hva er det? Michael 4: 144-9, 2009.
  • Walseth LT, Malterud K.: Salutogenese og empowerment i allmenn-medisinsk perspektiv. Tidsskrift for Den norske lægeforening, 1:8, 2004.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg