sensibilitet

Sensibilitet er i ulike medisinske fag følesans, følsomheit, eller evne til å fange opp eit signal (stimulus) og reagere. Ordet blir nytta noko ulikt på ulike fagområde.

Faktaboks

uttale:
sensibilitˈet
etymologi:
av latin sensibilis, ‘følsom’

Allergologi

Ordet sensibilitet og avleiingar av det vert brukt med litt ulike nyansar i læra om allergi (allergologi). Utvikling av ein allergisk immunrespons vert kalla sensibilisering, og det å ha utvikla ein allergisk immunrespons kallar vi å vere sensibilisert mot eit allergen.

Overfølsomheit kallar vi hypersensibilitet.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg