Hyposensibilisering, òg kalla allergivaksinasjon, er ei medisinsk behandling der den allergiske pasienten gjentatte gonger blir gitt eit bestemt allergen ved injeksjon, på huda eller gjennom munnen på ein slik måte at det over tid reduserer tilbøyelegheita vedkommande har til å reagere mot dette allergenet. Allergivaksinasjon gjer at den allergiske pasienten tåler større doser allergen utan å få allergisymptom, fordi vedkommande er blitt mindre følsom for det ho eller han er allergisk mot. Allergien blir ikkje heilt borte, men tendensen til allergisk reaksjon kan ved vellykka behandling bli så liten at vedkommande i praksis er som frisk. Allergivaksinasjon kan bli brukt ved nokre typar allergi, men ikkje alle.

Faktaboks

Også kjend som
desensibilisering, allergivaksinering

Fordelen med allergivaksinasjon samanlikna med bruk av allergimedisin er at ein reduserer eller heilt blir kvitt bruken av medisin, med dei praktiske og økonomiske fordelane det fører med seg, og ein unngår biverknadene som allergimedisin kan ha. I medisinske fagmiljø er det semje om at allergivaksinasjon hittil er blitt brukt for lite i allergibehandlinga. Spesielt viktig kan allergivaksinasjon vere hos barn, då det ser ut til at vaksinasjonen reduserer risikoen for utvikling av astma. Nye, betre vaksinepreparat blir stadig utvikla, saman med betre metodar for gjennomføring av vaksinasjonen.

Bruk av allergivaksinasjon

Allergivaksinasjon er aktuelt for bi- og kveksesstikk-allergi, ein del gras- og trepollenallergiar (bjørk, or, hassel, burot og timotei/gras), og allergi mot katt, hund, muggsopp og husstøvmidd. Vaksinasjon mot matallergiar er enno i hovedsak på forskningsstadiet, men for vaksinasjon mot peanøttallergi er det godkjent eit allergenpreparat (Palforzia) i Noreg. Preparatet skal bli teke gjennom munnen og svelgt, såkalla oral immunterapi også kalla OIT.

Før ein startar allergivaksinasjon, er det viktig med grundig undersøking av allergien. Ein må ha ein sikker allergidiagnose og vite så nøyaktig som råd kva ein er allergisk mot, helst også på molekylært nivå (allergenkomponent). Allergivaksinasjon er ‘smalspora’ i den forstand at ein må vaksinere med akkurat det allergenet ein er allergisk mot, sjøl om det nokre gongar kan vere ein litt ‘breiare’ effekt også mot allergen som liknar tilstrekkeleg, det vil seie allergen som kryssreagerer med vaksineallergenet.

Innanfor allergi mot eit ‘samleallergen’ som bjørk, graspollen eller husstøvmidd er det fleire ulike allergiar, fordi allergiane kan vere retta mot ulike molekyl eller deler av molekyl i bjørk eller i pollenet eller hos midden. Vi kallar det allergien er retta mot på molekylært nivå for komponentar, og testinga mot slike komponentar for komponentdiagnostikk. Allergi mot nokre komponentar i ‘samleallergenet’ responderer mye betre på vaksinasjon enn allergi mot andre komponentar. Såkalla komponentdiagnostikk kan derfor vere nyttig før ein startar med allergivaksinasjon.

Allergivaksinasjon kan ein bruke hos barn frå fem års alder og oppover i vaksen alder. Vaksinasjon hos barn kan vere særleg viktig for å hindre vidare utvikling av allergien. Bruken av tablett-metoden ved vaksinasjon mot middallergi er avgrensa til alderen 12-65 år, og ved allergisk astma på grunn av husstøvmidd til alderen 18-65 år. Ein har lite erfaring med tablett-metoden til eldre pasientar (over 65 år). Ein bør ikkje starte behandlinga under graviditet, men påbegynt behandling kan vanlegvis fortsette under graviditet, og også under amming.

Ved nokre sjukdommar, til dømes dårleg kontrollert astma eller anna alvorleg lungesjukdom eller hjarte-kar sjukdom, alvorleg atopisk eksem, og ved alvorleg kreftsjukdom bør ein ikkje ta allergivaksinasjon. Det same gjeld ved bruk av visse medisinar, noko legen vil vurdere i kvart enkelt tilfelle.

Metode for allergivaksinasjon

Det er fire etablerte metodar for allergivaksinasjon:

  1. Den tradisjonelle metoden har vore injeksjon i huda med små doser allergen mange gonger over lang tid (vanlegvis tre til fem år).
  2. Ein nyare metode med raskare virkning er behandling med dråpar eller smeltetablettar under tunga. Metoden vert ofte omtala som SLIT – sublingual immunoterapi. Dette er ein vel etablert metode for visse allergen, til dømes graspollen.
  3. Enno under utprøving er å gi allergenet gjennom munnen slik at det vert svelgt ned. Dette er særleg aktuelt ved matallergi. Metoden vert ofte omtala som OIT – oral immunterapi. Den er etablert i Noreg for éin allergi, peanøttallergi, men det blir gjort mykje forskning også på andre allergen.
  4. Under utprøving ved matallergi er også ein metode der allergen vert lagt på huda. Det vert så lagt eit dekke over, litt på same måten som ved lappetesting for kontaktallergi. Metoden vert omtala som EPIT – epicutan immunterapi.

Alle metodane går ut på å tilføre allergenet over ein tidsperiode, først i små doser som så vert auka etter kvart som pasienten toler større doser utan å reagere. Enno på utprøvingsstadiet er i tillegg å gi pasienten anti-IgE-antistoff (Omalizumab) for å få ei sikrare gjennomføring av behandlinga.

Injeksjon

Den tradisjonelle metoden med sprøyter i huda med ørsmå doser av det aktuelle allergenet må bli gjort hos lege, på grunn av ein viss risiko for alvorleg reaksjon og allergisjokk, såkalla anafylaktisk reaksjon. Det blir til vanleg injisert ei lita dose allergen i huda kvar veke i sju-åtte veker i starten, med litt større doser for kvar gong, slik at full dose blir nådd. Etter den første fasen med injeksjon kvar veke, held ein så fram med vedlikehalds-injeksjon kvar åttande veke i tre til fem år.

Injeksjonsmetoden er godt utprøvd og standardisert med faste prosedyrer, og gir ofte gode resultat. Effekten er godt dokumentert, med nytte opp til seks år etter avslutta behandling, men med individuell variasjon. Det er likevel viktig å huske at allergivaksinasjon ikkje fjernar allergien. Det vil vere ein risiko for alvorlege reaksjonar om ein utset seg for store doser allergen, ved pollenallergi til dømes anstrengande sykling eller jogging ute i pollensesongen.

Ulempen ved injeksjonsmetoden er dei mange legebesøka, der ein kvar gong på grunn av risikoen for sterk reaksjon må vere på legekontoret ein halv time etter å ha fått sprøyta. Eventuell angst for sprøyter og ubehag er andre ulemper ved injeksjon. Det er ved injeksjon ein viss liten risiko for allergisjokk som kan skje i sjeldne tilfelle. Dette er grunnen til at vaksinasjon med injeksjonsmetoden alltid må bli gjort på legekontor. Minde alvorlege biverknader er lokal kløe, hevelse og rødme på staden der sprøyta er satt. Kløe i handflatene, hovudbotnen eller andre stader på kroppen, utslett, og irritasjonshoste eller lette astmasymptom kan også forekomme.

For ein del allergen er injeksjons-metoden den einaste metoden der ein har tilgjengelege vaksinepreparat.

Dråpar og tablettmetoden

Desse metodane er nyare. Allergivaksine i dråpeform kan ein få for gras, trepollen, burot, husstøvmidd, muggsopp, hund og katt. Tablettar (sublingual allergivaksinasjon, SLIT) er tilgjengelege for graspollenallergi (timotei), husstøvmidd og bjørkepollenallergi. Ein må rekne med at det vil komme tablettar for fleire allergentyper etter kvart. Det blir også forska for å komme fram til tablettbehandling mot nokre matallergiar, særleg peanøttallergi.

Etter oppstart der første tabletten eller dråpen vert teken hos lege, kan allergivaksinasjon med ein dråpe eller smeltetablett under tunga dagleg gjennomførast heime. Dråpe- og tablettmetodane verkar raskare enn injeksjonsmetoden, men bør startast seinast tree til fire månader før pollensesongen. Ved seinare start, eit par månader før sesongstart, vil ein kunne oppnå ein delvis effekt. Vaksinasjon i munnen mot bjørkepollen bør derfor starte seinast i desember eller januar, og mot graspollen, burot og muggsopp seinast i mars-april (litt seinare start mogleg i Nord-Norge på grunn av seinare allergensesong). Vaksinasjon mot midd, hund og katt kan ein starte når som helst.

Vaksinasjon med dråpar der ein dråpe blir lagt under tunga dagleg skal vare i fem til tolv månader, avhengig av allergien.

Behandlinga mot graspollenallergi med tablettar skal vare gjennom pollensesongen. Vil ein oppnå langtidseffekt, må ein ta ein tablett dagleg i minst tre år. Dersom ein har prøvd tablett-vaksinasjon ein sesong og den ikkje har verka, er det ingen grunn til å prøve igjen neste sesong.

Biverknadene av vaksinasjon i munnen er i hovedsak at ein kan få milde eller moderate allergireaksjonar (kløe, nummenheit og opphovning, nysing, astmasymptom, eventuelt også mageubehag og diaré) i munn, svelg, nase, augo, lunger og mage når ein tek tabletten eller dråpen. Over halvparten av dei som tek allergivaksinasjon med tablettar merkar slike reaksjonar i starten, men etter dei første tre månadene er slike biverknader sjeldnare. Symptoma kan vare frå nokre få minutt og opp til nokre timar kvar gong. Vert symptoma sterke, kan ein ta antihistamin-preparat. Allergisjokk (anafylaktisk reaksjon) kan forekomme, også etter første dose, men er sjelden. Ein bør ta pause i vaksinasjon i munnen ved tanntrekking og anna behandling som gir sår i munnen, og hos barn også ved felling av mjølketenner og infeksjonar i munn og hals.

Ein kan få tablettane til allergivaksinasjon på ‘blå resept’, og ein kan søke HELFO om å få dekt utgiftene til dråpar og allergenekstrakt til injeksjon.

Ved lengre avbrot i allergivaksinasjons-behandlinga må ein ofte starte på nytt.

Peroral og epikutan allergivaksinasjon

Desse metodane er enno på utprøvingsstadiet.

Mekanisme

Allergenvaksinasjon, på fagspråket kalla hyposensibilisering, er ei form for immunterapi. Immunterapi vil seie at ein stimulerer immunsystemet til å reagere på ein annan måte enn det ellers ville gjort, med mål om å oppnå ein helseeffekt. Ved allergivaksinasjon får ein immunsystemet til å reagere med ein type toleranse mot allergenet, i staden for å svare med ein allergisk reaksjon. Immunsystemet reagerer likevel på ein måte som vi berre kan oppdage i blodprøver, mellom anna med auka produksjon av antistoffklassen IgG4, utvikling av regulerande T- og B-celler, og produksjon av IgA på slimhinnene som kan hindre kontakt mellom allergenet og immunsystemet. Virkningsmekanismen på cellulært og molekylært nivå av allergivaksinasjon er framleis noko usikker og omdiskutert. Virkningsmekanismen for hyposensibilisering ved injeksjon og ved tablettar eller dråpar ser ut til å vere noko ulike, vurdert mellom anna etter verknaden på nivået av antistoff av klassane IgG4 og IgA mot allergenet, målt i blodprøver og på naseslimhinna.

Det er viktig å huske at allergivaksinasjon ikkje fjernar allergien, den berre reduserer eller fjernar symptoma. Ved kraftig provokasjon, som til dømes ein anstrengande sykkeltur i pollensesongen om ein har pollenallergi, kan den allergivaksinerte få ein uventa, sterk allergireaksjon.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg