Prausnitz-Küstners test er ein klassisk test som viste at allergiske reaksjonar er knytte til ein faktor i blodet, som vi no veit er IgE.

Faktaboks

Etymologi

Testen har navn etter den tyske bakteriologen Carl Willy Prausnitz (1876–1963) og den tyske gynekologen Heinz Küstner (1897–1963).

Historikk

I 1921 fann den tyske bakteriologen Prausnitz og den tyske gynekologen Küstner ut at når serum frå Küstner, som var allergisk mot fisk, vart injisert i huda på ein ikkje-allergisk person, ville denne personen få ein allergisk reaksjon i dette hudområdet dersom ein tilførte eit allergen frå fisk. På denne måten viste dei at det i blodet var ein faktor som dei kalla reaginar, som var årsak til den allergiske reaksjonen. Denne faktoren har seinere synt seg å være immunglobulin av typen IgE, oppdaga av japanaren K. Ishizaka i 1966. Prausnitz-Küstners test vart i ein periode brukt mykje i arbeidet med allergi.

Forløparen for Prausnitz-Küstners test var oppdaginga som M. Ramirez gjorde 1919, at ein pasient som hadde fått blodoverføring frå ein person med hesteallergi, sjølv fekk allergiske reaksjonar mot hest.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg