Allergiker er ein person som lid av allergi. Allergi er ein overfølsomheitsreaksjon på grunn av at kroppens immunsystem reagerer unaturleg kraftig og er årsak til symptom på grunn av stoff (allergen) frå det ytre miljøet som vanlegvis ikkje er årsak til sjukdom.

Faktaboks

Uttale
allˈergiker

Diagnosen allergikar krev at personen får symptom og sjukdomsteikn ved kontakt med allergenet gjennom lufta, hudkontakt eller maten. Det er ikkje nok at det berre er utslag ved allergitesting (påvisning av allergisk sensibilisering), for ein del menneske som har utslag på ein allergitest, får likevel ikkje symptom ved kontakt med allergenet (falskt positive testar). Dette gjeld for alle allergen, men førekomsten av falskt positive testar varierer med testmetoden, og dette førekjem i ulik grad for ulike allergen.

Falskt positive testar er eit problem i høve til luftvegsallergiar, og i endå større grad i høve til matallergiar. For eksempel er det funne at av åtte individ som hadde utslag ved testing med peanøttallergen, var det berre ein som hadde symptom ved inntak av peanøtter og derfor hadde peanøttallergi. Ein allergitest skal derfor ikkje brukast for å leite etter allergi, men for å styrkje eller avkrefte diagnosen etter at legen har fått ei grundig sjukehistorie og gjort klinisk undersøking.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg