Allergitesting vil seie å gjere medisinske testar som kan hjelpe til å avgjere om det ligg føre ein allergi eller ikkje.

Faktaboks

Uttale
allergˈitesting

Ein allergitest skal ikkje brukast for å leite etter allergi, fordi det ikkje sjeldan vil komme utslag på ein test utan at pasienten er allergisk. Ein må derfor alltid ta utgangspunkt i sjukehistoria til pasienten og teste på mistanke mot bestemte allergen.

Allergidiagnosa vert stilt først og fremst på grunnlag av pasienten sine opplysningar i sjukehistoria. Til støtte når ein skal avgjere om det ligg føre ein allergi, er det at ein gjer ulike allergitestar. Desse testane kan vere av fleire typar:

  • Hudtestar som prikktest og intrakutantest, der ein legg ei lita mengde allergen på huda (lappetest) eller fører litt allergen inn i huda ved å prikke med ei nål gjennom ein dråpe med allergen lagt på huda (prikktest) eller injisert intrakutant (intrakutantest). Ein ser så om det kjem ein lokal allergireaksjon i huda i form av rødheit og hevelse. Prikktest og intrakutantest er testar for IgE-avhengig allergi, som er Type I hypersensitivitet.
  • Lappeprøve er ein test for kontaktallergi (allergisk kontakteksem), som er ein cellemediert Type IV hypersensitivitetsreaksjon.
  • I blodprøver (serum) måler ein nivået av IgE-antistoff som er spesifikke for ulike mistenkte allergen. Det finst fleire variantar av denne testen. Ein kan måle mengda IgE mot kvart allergen enkeltvis, eller bruke meir screening-prega testar der ein måler IgE mot ein kombinasjon av fleire allergen, såkalla allergenpanel. I visse tilfelle er det nyttig å finne ut ikkje berre om pasienten reagerer mot eit allergen som for eksempel bjørkepollen, graspollen eller peanøtt, men også kva for slag molekyl i den allergene vara allergien er retta mot. Då nyttar ein såkalla komponentdiagnostikk.
  • Etter sterke reaksjonar med mistanke om allergi, kan ein også ved blodprøve målenivået av tryptase i serum. Dette kan stige kraftig dei første timane etter ein allergireaksjon. Tryptasetesten hjelper å avgjere om det har vore ein allergisk reaksjon, men seier ikkje noko om kva allergen reaksjonen var retta mot.
  • Celletestar blir gjort meir sjeldan for å undersøke korleis kvite blodceller reagerer på allergen. Ved mistanke om IgE-avhengig allergi måler ein om basofile granulocyttar set fri histamin (histaminfrigjering) eller leukotrienar som uttrykk for at dei degranulerer i kontakt med eit mistenkt allergen, eller om mastceller får auka mengde av bestemte molekyl i cellemembranen som uttrykk for mastcelleaktivering. Slik auke av membranmolekyl er eit indirekte mål på degranulering. Celletestar ved mistanke om kontaktallergi på grunn av Type IV hypersensitivitet har ikkje vist seg å vere til nytte i diagnostikken.

Det er viktig å vere klar over at allergitestane ikkje gir noko fasitsvar, og ofte kan slå ut sjølv om pasienten ikkje har allergisk sjukdom, altså gi falske positive resultat. Testresultata må ein derfor alltid vurdere i sammenheng med sjukehistoria.

Provokasjonstestar

Det er også mogeleg å undersøke om ein person er allergisk ved å utsette vedkommande for det aktuelle allergenet på ein meir naturleg måte, til dømes ved at vedkommande får ete ein bestemt mat, eller ved inhalasjon av eit allergenekstrakt. Slik testing vert kalla provokasjonstest.

Provokasjonstest er 'gullstandarden' ved matallergi. Den er etter måten svært ressurskrevande, blir lite gjort i Noreg, og berre ved nokre få sjukehus, annet enn i den enklaste forma. Det er å fjerne ei mistenkt matvare frå kosten for ein periode og så ta den inn att (matvare-eliminasjonstest), for å sjå om fjerning gir betring av symptoma og om ny bruk gir forverring.

Provokasjonstesten gir dei sikraste resultata når den blir utført dobbelt blindt i ein laboratoriesituasjon. Slik testing blir gjerne forkorta DBPCFC, som står for Double Blinded Placebo Controlled Food Challenge. Maten som ein vil teste om det er allergi mot, er då skjult i annan mat eller drikke. I separate måltid blir det gitt mat eller drikke som er helt lik i smak og utsjånad, men som ikkje inneheld den mistenkte matvara, men berre eit nøytralt stoff (placebo). Verken den som gir maten og registrerer symptoma eller pasienten veit då om maten som pasienten et inneheld matvara ein testar for. Kva maten inneheldt, får ein først vite i etterkant. Resultatet blir då ikkje påverka av kva pasienten og den som gir maten ventar, trur eller ønskjer.

Dobbelt blinda placebokontrollert matprovokasjon (DBPCFC) gir svært påliteleg informasjon, men har den ulempa at det kan komme allergiske reaksjonar som er ubehagelege og i verste fall krev akutt behandling.

Provokasjonstest ved luftvegsallergi blir sjeldan brukt.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg