Huden.

Huden er bygd opp av tre lag: overhuden (epidermis), lærhuden (dermis) og underhuden (subcutis). Denne tredimensjonale illustrasjonen viser de viktigste strukturene i huden.

Av /KF-arkiv ※.

Intrakutan tyder i huda. Nemninga intrakutan blir mest nytta i samband med injeksjonar og enkelte hudtestar.

Faktaboks

Uttale
intrakutˈan
Etymologi

av intra-, og latin cutis, ‘hud’

Også kjend som
i.c. intradermal

I praksis viser intrakutan til eit bestemt lag i huda, lærhuda. Huda har tre lag. Lærhuda er det laget i huda som ligg under epitelcellelaget, som er det ytste tynne laget mot overflata. Under lærhuda ligg underhuda, subcutis.

Intrakutan er det same som intradermal, dermis er det latinske namnet på lærhuda.

Intrakutan injeksjon er ein 'grunn' hudinjeksjon. Til forskjell frå dette brukar ein nemningane subkutan, «under huda», som er djupare enn intrakutan, og epikutan, «på huda», som er utanpå huda.

Ein fordel med intrakutan injeksjon er at ein får ein sterkare immunrespons og raskare opptak av det injiserte stoffet enn ved subkutan injeksjon. Ein ulempe er at ein intrakutan injeksjon er vanskelegare å sette.

Intrakutane innsprøytingar av små væskemengder på storleik med ein dråpe blir mest nytta i medisinsk diagnostikk («forsterka tuberkulinprøve», Mantoux-test) og som vaksinebehandling.

Intrakutantesting (intradermaltesting) med allergen blir i nokre land og av somme 'alternative' klinikkar brukt som allergitest ved mistanke om allergisk sjukdom. Intrakutan allergitesting blir sett på som meir følsom men også mindre påliteleg enn den vanlege prikktesten, og det er stor fare for falsk positive reaksjonar. Det vil seie at ein ved subkutan allergitesting oftare får utslag som ved allergi, utan at pasienten er allergisk (altså feil diagnose).

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg