Kutantesting er hudtestar som blir brukt til å påvise sensibilisering (allergi) mot spesifikke stoff. Det er to hovedtyper, epikutanprøve (lappetest) og prikktest.

Faktaboks

Uttale
kutˈantesting

Epikutantestar blir brukt for å teste for kontaktallergi, vanlegvis hudallergi mot kjemikaliar eller metall, til dømes nikkel. Dette er såkalla Type IV-reaksjonar som er cellemedierte og ikkje kan påvisast i ei blodprøve.

Prikktestar blir brukt for å påvise såkalla Type I-allergiar, som er mediert av IgE. Desse allergiane er assosiert med høysnue og anna allergisk snue, astma, urticaria og matallergi. Alternativ test er måling av spesifikt IgE i blodprøve.

Intrakutantesting (intradermaltesting) med allergen blir nokre stader brukt som allergitest ved mistanke om allergisk sjukdom, men vert rekna som mindre påliteleg med stor fare for falsk positive reaksjonar. Det vil seie påvisning av allergi som ikkje er reell.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg