Prikktest er ein hudtest som blir brukt for å påvise allergi.

Framgangsmåte

Ein dråpe av eit ekstrakt som inneheld ei definert mengde av eit allergiframkallande stoff (allergen) blir dryppa på huda, til vanleg på bøyesida av underarmen. Deretter prikkar ein med ein spesiell liten lansett gjennom dråpen ned i huda. Lansetten liknar ei litt brei flat nål.

Til vanleg testar ein dobbelt, det vil seie at ein for kontrollen si skuld legg to dråpar av det samme allergenet ved sida av kvarandre med ein avstand på minst tre centimeter. Dersom pasienten er allergisk mot det aktuelle allergenet, vil det i løpet av 15 minutt komme ein lokal allergisk hudreaksjon med rødheit og hevelse. Omrisset av hevelsen blir teikna nøyaktig opp med ein penn, og ved hjelp av gjennomsiktig tape blir omrisset av hevelsen overført til pasienten sin journal. Den største diameteren av omrisset vert målt, og deretter den diameteren som er vinkelrett på denne. Den gjennomsnittlege diameteren er då styrken på reaksjonen.

Fleire allergen kan bli testa samtidig, men med minst 3 centimeters mellom dråpane med dei ulike allergena. Prikktest vert alltid gjort hos lege, fordi testen ein sjeldan gong kan løyse ut allergisk sjokk som krev behandling.

Prikktesting blir mest brukt i samband med allergen som blir spreidde med lufta, slik som pollen, allergen frå selskapsdyr (hund, katt) og husstøvmidd, men også ved matallergi.

Prick-to-prick-test

Ein variant av prikktesten er det som vert kalla prick-to-prick. I denne testen stikk ein lansetten først i for eksempel ei frukt som ein vil teste allergi mot, og deretter prikkar ein med lansetten i huda, slik at litt allergen vert overført direkte.

Denne forma for prikktest blir brukt når ein ikkje har eit standardisert allergenpreparat, eller når ein mistenkjer at allergenpreparatet har mista ein viktig komponent. Ei ulempe med metoden er at ein manglar kontroll med allergenmengda, samanlikna med standardiserte allergenpreparat. Prick-to-prick testen gir altså eit mindre sikkert mål på kor sterk reaksjon ein har mot allergenet, den er slik mindre kvantitativ. Prick-to-prick testen har også med seg større risiko enn ein vanleg prikktest.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg