lappeprøve

Dette bildet viser ryggen til en pasient som akkurat har gjort en lappeprøve. Her er lappene fjernet etter 72 timer, og man kan lese av resultatet på hva pasienten er allergisk mot. Lappene har blitt merket med hvert sitt nummer og lapp nummer 10 var fylt med perubalsam. Den kraftige rødfargingen og hevelsen i området hvor lapp nummer 10 har vært tyder på at pasienten er allergisk mot perubalsam. Noen av de andre feltene som har blitt røde er stoffer som inneholder spor av perubalsam.

Artikkelstart

Lappeprøve, også kalla lappetest, er ein metode for å påvise kontaktallergi på grunn av type IV hypersensitivitet. Kontaktallergi er vanlegvis hudallergi, og kan føre til eksem (allergisk kontakteksem) som sjukdom. Lappetesten er viktig både for å finne ut om pasienten har allergisk kontakteksem eller om eksemet har andre årsaker, og for å identifisere det allergenet som er årsak til kontaktallergien.

Faktaboks

Også kjent som
eksemprøve engelsk patch test

Den vanlegaste grunnen til lappetesting er handeksem, men også eksem i ansiktet eller på føtene er ikkje uvanleg, eller andre stader på kroppen, særleg der ein brukar hudpleieprodukt eller har smykke eller anna metall som er i kontakt med huda. Også klede og sko kan vere kjelder til allergenet.

Testen blir gjort ved å plassere direkte på huda små mengder av dei stoffa som er mistenkte å kunne vere årsak til kontaktallergi hos pasienten. Dette er vanlegvis kjemikaliar eller metall. Ein kan også teste med tøybitar eller salver, kremar og væsker, men må då vanlegvis gjere vidare testar for å identifisere det kjemiske stoffet som er årsak til allergien (allergenet).

Lappane ein brukar ved testinga er ein plasterbit, som midt på har ei ganske flat lita skål av aluminium, som ikkje irriterer huda. I denne skåla er det lagt eit stoff som er kjent for å kunne gi allergi og er mistenkt som årsak i det aktuelle tilfellet. Ein limar så plasterbiten på huda, vanlegvis på ryggen, slik at stoffet i den vesle skåla blir trykt mot huda. Overarmen kan også nyttast til testing. Ein kan om nødvendig teste med eit par dusin eller fleire ulike stoff samtidig, opp til 150, så store delar av ryggtavla blir dekt av lappar. Ein får kjøpt ferdige ulike sett med kombinasjonar av lappar med ulike stoff, såkalla testpanel, for bruk avhengig av kva type situasjon pasienten er utsett for, spesielt kva yrke og arbeidssituasjon pasienter har. Legen kan også sjølv lage testlappar med stoff som pasienten har med seg, til dømes hudkremar eller tøybitar.

Dei siste fire vekene før planlagt testing bør ein unngå soling på ryggen. Testdagane bør ein unngå å bade, dusje eller å sveitte unødvendig. Det kan vere lurt å ha slike klede på om natta at plasterlappane ikkje lett kan falle av.

Lappane får sitte på i vanlegvis to døgn, før dei blir tatt av. Ein les av testen etter 48 timar og også etter 72 eller 96 timar, sommer gonger også enda eit døgn eller to seinare. Grunnen er at enkelte allergen må ha lengre tid på huda for å gje reaksjon. Testen kan bli utført litt ulikt ved ulike klinikkar, og avhengig av situasjonen.

Eit såkalla positivt utslag som tyder på at ein har kontaktallergi mot det aktuelle stoffet, er ein raud flekk der skåla var. Ved sterkare utslag ser ein også litt opphovning og ved kraftige reaksjonar sårheit og væske frå huda. Styrken på reaksjonen vert gradert med pluss-teikn og notert ned.

Stoff som ofte er årsak til positive utslag ved lappetesting, er mellom anna nikkel, krom, akrylat, stoff i hudpleiemiddel og i planter, og ulike stoff på arbeidsplassen.

Den viktigaste behandlinga er, som alltid ved allergi, å unngå det ein reagerer mot. Eventuelt må ein bruke eksemsalver ein periode for å få bort eksemet.

Fotolappeprøve

Somme stoff vert skadelege for huda berre dersom dei blir utsette for sollys. Dei vert då omdanna av sollyset til stoff som irriterer huda (fototoksisk reaksjon) eller er allergen. Dette gjeld særleg nokre medikament, plantesafter og stoff i hudpleieprodukt. For å finne ut av dette set ein to like rekker med plasterlappar med dei mistenkte stoffa på huda. Når ein tek av plasterlappane, dekkjer ein området til den eine rekka med eit lystett stoff. Ein utset så det andre testområdet for lys, for å sjå om ein får ein reaksjon berre der ein har kombinasjonen av lys og mistenkt allergen, eller om stoffet kan gje reaksjon også utan lys.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg