Kontakteksem kjem av skadeleg påverknad frå stoff som kjem i direkte kontakt med huda. Kontakteksem blir delt i to grupper: allergisk kontakteksem og irritativt kontakteksem.
Allergisk kontakteksem kjem av at immunsystemet oppfattar eit stoff som framandt og utløyser ein immunreaksjon for å fjerne stoffet frå huda. Føresetnaden for å utvikle allergi er gjenteken kontakt med det aktuelle stoffet. Døme på stoff som ofte forårsakar allergi, er nikkel, gummitilsetjingsstoff, kromsalt, parfyme og kosmetiske preparat. Det er beskrive allergiske reaksjonar mot fleire hundre ulike stoff. For å finne ut kva som har forårsaka eksemet, bruker ein lappeprøver, som er eit sett av aktuelle allergiframkallande stoff som blir lagde direkte på huda. Testane ligg på huda i to døgn. Positive reaksjonar blir viste som eksem på teststaden.
Irritativt kontakteksem kjem av direkte hudskade på grunn av kontakt med irriterande stoff, som oftast såpe eller løysemiddel. Denne eksemtypen opptrer lettast på handbakar, mellom fingrar, på sida av fingrane og under ringar. Irritativt kontakteksem kan førebyggjast ved at ein skånar huda for dei miljøpåverknadene som er uheldige, til dømes overdriven tendens til kropps- og handvask.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.