differensialdiagnose

Artikkelstart

Differensialdiagnose er eit namn på det å bruke alternative sjukdomar som forklaring på eit spesielt symptom eller funn.

Faktaboks

Uttale

differensiˈaldiagnose

Også kjent som

DD

DDx

alternativ diagnose

Mange symptom og funn kan kome av fleire sjukdomar, til dømes feber. Eit symptom kan òg likne eit anna symptom, til dømes ulike typar utslett. I slike tilfelle vil legen arbeide ut frå den mest sannsynlege diagnosen, men samtidig vurdere alternative diagnosar.

Dersom ein får akutte brystsmerter, vil til dømes nokre av dei viktigaste differensialdiagnosane vere hjarteinfarkt, pneumothorax (punktert lunge), muskelsmerter, krampar i matrøyret eller magesår.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg