Flere generasjoner på tur
Flere generasjoner på tur. Av /Shutterstock. Begrenset gjenbruk

folkehelse

Folkehelse

Folkehelse. Grafen syner utviklinga av hjarte- og karsjukdommar og kreft som dødsårsak hjå norske kvinner og menn i alderen 40–74 år, i tidsrommet 1980–2004, per 100 000 innbyggjarar.

Av /KF-arkiv ※.
Meld. St. 19 (2018–2019)

Framsida til stortingsmelding 19 (2018–2019) Folkehelsemeldinga — Gode liv i eit trygt samfunn. Her presenterer regjeringen «den samla innsatsen for å fremje betre folkehelse og god livskvalitet i befolkninga. Folkehelsearbeidet er tverrsektorielt, og noko av formålet med denne meldinga er å samle og gjere greie for arbeidet i ulike sektorar.»

Av .

Folkehelse er helsetilstanden i ei avgrensa befolkning, eit land eller ein region. Folkehelsa er noko anna og meir enn summen av helsetilstanden til dei enkelte innbyggjarane. Omgrepet tek òg opp i seg økonomiske, fysiske, psykiske og miljømessige forhold som påverkar helsetilstanden.

I Noreg blir folkehelse behandla som ei politisk sak, noko som kjem til uttrykk i stortingsmeldinga Folkehelsemeldinga — Gode liv i eit trygt samfunn Meld. St. 19 (2018–2019). I den presenterte regjeringa «den samla innsatsen for å fremje betre folkehelse og god livskvalitet i befolkninga. Folkehelsearbeidet er tverrsektorielt, og noko av formålet med denne meldinga er å samle og gjere greie for arbeidet i ulike sektorar.»

Mål på folkehelse

I internasjonal samanheng blir folkehelsearbeid definert som bruk av vitskap og erfaring for å førebyggje sjukdom, forlengje livet og fremje helse, ved organisert arbeid i samfunnet, offentlege og private organisasjonar, forsamlingar og enkeltindivid. Resultata av dette arbeidet, altså helsetilstanden til befolkninga, blir skildra indirekte, gjennom eit omfattande sett av indikatorar for helsetilstand, helseproblem og andre forhold som påverkar helsetilstanden. Dei mest objektive og allment aksepterte kriteria for vurdering av folkehelsa er knytte til tal for dødelegheit, sjukelegheit, livskvalitet og forbruk av helsetenester og trygdeytingar.

Det er stor skilnad på kor god oversikt ulike land har på dette. I Noreg har ein, i tillegg til dødsårsakstatistikken, ei rekkje sjukdomsregister og gjentekne levekårsundersøkingar, i regi av Statistisk sentralbyrå (sjå helsestatistikk).

Dødsårsakstatistikken speglar berre den alvorlegaste sjukelegheita i befolkninga. Sjølv i denne statistikken er det mange feilkjelder, mellom anna som følgje av at få blir obduserte. Obduksjon er ein sentral metode for å avdekkje dødsårsak. Samtidig finst det i dag fleire omfattande sjukdomsregister for somme tilstandar, som kreft, infeksjonssjukdommar og hjarte- og karsjukdommar. I tillegg er det etablert medisinske kvalitetsregister med informasjon om behandlingskvalitet, som kan bidra til å forbetre helsetenesta for store sjukdomsgrupper. I Noreg er det dessutan etablert ei rekkje befolkningsbaserte undersøkingar som gjev moglegheit til å studere førekomst og risiko for fleire større folkehelseproblem. Nokre av desse er samla under nemninga Landsomfattende helseundersøkingar (LHU). Andre helseundersøkingar frå ulike delar av landet inngår i Cohort of Norway (CONOR).

Oversikta over folkehelsa byggjer dermed i stor grad på enkeltundersøkingar og kartleggingar av avgrensa sjukdommar og risikofaktorar. Overvaking av folkehelsa er ei av dei viktigaste oppgåvene til helsestyresmaktene. I 1996 la helseministeren den første folkehelserapporten i Noreg fram for Stortinget. Helsedirektoratet har som oppgåve å følgje med på utviklinga i folkehelsa. I juni 2006 la direktoratet for første gong fram ei samla oversikt over utviklingstrekka i helse- og sosialsektoren. Hovudbodskapane i denne oversikta var at me må auke innsatsen for å redusere skilnadene i helse og levekår, førebu oss på store endringar i befolkningssamansetninga, med langt fleire eldre, og dessutan utvikle verktøy og evne til å prioritere betre, slik at me kan hauste ytterlegare gevinstar i helse og levekår. Den så langt siste stortingsmeldinga om folkehelse er frå 2018–2019.

Folkehelseutviklinga

Utviklinga av helsetilstanden i ei befolkning heng nøye saman med andre utviklingstrekk i samfunnet. Forbetringane i folk sine levekår, og dessutan den medisinske utviklinga, har ført til ei gradvis forbetring av folkehelsa i Noreg.

Levealder

Kring 1850 var gjennomsnittleg levealder for kvinner og menn under 50 år, og omtrent kvar tredje person døydde før dei fylte 20 år. I 1994 var forventa levealder ved fødsel (middellevetida) knapt 75 år for menn og vel 80 år for kvinner, og under to prosent av befolkninga døydde før dei fylte 20 år. I 2019 var forventa levealder 81,2 år for menn og 84,7 år for kvinner.

Kring 1850 døydde cirka 150 av 1000 levandefødde born fyrste leveår. I 1993 døydde omkring 5 av 1000 levandefødde born fyrste leveår, og i 2019 var talet 2,1; det lågaste nokon gong. Sjå dødelegheit og spedbarnsdødelegheit.

Dødsårsaker

Dødsårsakene er òg endra. På slutten av 1700-talet forårsaka infeksjonssjukdommar kvart tredje dødsfall, medan dei no forårsakar under ein prosent av dødsfalla. Reduksjonen i dødsfall på grunn av infeksjonssjukdommar kjem av ei gjennomgripande betring av levekår, bustadstandard, ernæring og hygiene, i tillegg til vaksinar og betra behandling. I staden for infeksjonssjukdommar, døyr folk i Norge no av det som ofte blir kalla ikkje-smittsame sjukdommar, eller non-communicable diseases (NCD) på engelsk, fyrst og fremst hjarte- og karsjukdommar og kreft. Desse gruppene omfattar sjukdommar som i ein viss grad er knytt til livsstil, men òg kombinasjonar av ytre faktorar (miljø) og genetikk.

Noko under halvparten av alle dødsfall kjem frå hjarte- og karsjukdommar. Medan dødelegheita av hjerneslag er redusert sidan 1920, auka dødelegheita av hjarteinfarkt hjå menn dramatisk frå byrjinga av 1950-åra til 1970. Etter 1970 har dødelegheita av hjarteinfarkt hos menn og kvinner i alle aldrar stadig gått ned, noko som blir tilskrive redusert bruk av tobakk, endra kosthald og langt meir effektiv behandling av hjarteinfarkt.

Den andre store dødsårsaka i Noreg er kreftsjukdommar, men sjølv om fleire får kreft, er det stadig fleire som blir heilt friske. Dette kjem av ein kombinasjon av førebygging, tidlegare diagnostisering og fleire, betre og meir tilpassa behandlingsmåtar for dei ulike kreftformene. Auken i krefttilfelle var venta, i hovudsak fordi befolkninga blir eldre, noko som igjen er ein funksjon av lågare dødelegheit av både hjarte- og karsjukdommar og kreft. For femårsperioden 2015–2019 har den årlege auken likevel vore relativt liten.

Folkehelsestatus

Leddgikt
Leddgikt er ein kronisk sjukdom som angrip ledda. Leddgikt er éin av mange kroniske sjukdommar som er vanlege i befolkninga.
Av /Shutterstock.

Sjukdomsbiletet i den norske befolkninga ber i dag preg av samansette og kroniske sjukdommar og plagar. Dette kjem mellom anna av at folk blir eldre enn før. I levekårsundersøkinga i 1991 svara halvparten av den vaksne befolkninga ja på spørsmålet om dei hadde langvarig sjukdom. Omkring ein femdel seier at dei har sjukdommar som verkar inn på kvardagen i betydeleg grad. Langt fleire kvinner enn menn angir å ha slik sjukdom, og blant kvinner over 67 år har fire av ti sjukdommar med betydeleg konsekvensar for kvardagen.

Ved levekårsundersøkinga i 2002 svara over halvparten av dei vaksne som vart spurde, at dei hadde éi eller annan form for helsesvikt eller plage. Heile 80 prosent av dei spurde sa likevel at dei hadde god helse, og fire av fem med helseplager synest at dei hadde eit godt liv. Resultata frå levekårsundersøkinga i 2002 tydde på at dei som bur åleine, vurderer si eiga helse som dårlegare enn dei som bur saman med nokon. Likeins kan resultata tyde på at menneske med sjukdom og funksjonsnedsetjingar i dag synest dei har det noko betre enn før.

Kroppslege sjukdommar

Muskel- og skjelettlidingar er den mest utbreidde gruppa av dei kroniske plagene. Kvar tredje nye uførepensjonist har sjukdom i muskel- og skjelettsystemet, og slik sjukdom er hovuddiagnose ved halvparten av langtidssjukmeldingane.

Astma, allergi og hudsjukdom er utbreidde, og førekomsten av astma hjå born har auka dei siste åra. Fem til ti prosent av norske skuleborn har, eller har hatt, astma.

Psykiske sjukdommar

Førekomsten av psykiske problem og lidingar ser ut til å vere stabil, men her er tala svært usikre. I nokre undersøkingar svarar under ti prosent av befolkninga at dei har psykiske lidingar, medan andre undersøkingar tyder på at så mykje som 15 til 20 prosent har psykiske problem, i éi eller annan form. Talet på sjølvmordstilfelle dobla seg frå 1970 til 1988, men sidan har dette gått noko ned att. I 2019 døydde 650 som følgje av sjølvmord. Auken i sjølvmord var særleg stor blant yngre menn, men reduksjonen frå 1990 har vore størst blant menn, og skilnaden mellom kjønna har vorte stadig mindre.

Ulukker og skadar

Kvart år skjer det cirka 500 000 ulukkesskadar som krev medisinsk behandling, og vel ti prosent av desse fører til innlegging på sjukehus. Årleg døyr over 1800 personar av ulukker. Heimeulukkene dominerer, og det er særleg born, unge og eldre som blir ramma.

Sosial ulikskap og folkehelse

Ei viktig side ved folkehelsa er fordelinga av sjukdom og død i befolkninga, og skilnader i helsetilstanden mellom ulike grupper. I alle aldersgrupper har til dømes menn større dødelegheit enn kvinner. Det er velkjent at sosioøkonomisk status har noko å seie for helsa. Sosial ulikskap i helse er framleis eit folkehelseproblem i Noreg.

Oslo-undersøkinga i 1970-åra viste ein aukande risiko for hjarte- og karsjukdom med søkkande sosioøkonomisk status, og dødelegheita i dei tre indre, austlege bydelane i Oslo er cirka 2,5 gonger så høg som i dei tre ytre, vestlege bydelane. Tilsvarande forskjellar finst i dag mellom menn som berre har grunnskuleutdanning, samanlikna med menn som har høgskule- eller universitetsutdanning. Det er ein samanheng mellom yrke og helseproblem, og arbeidsløyse er ein risikofaktor for både fysisk og psykisk sjukdom.

Helseparadokset

Sjølv om helsetilstanden i vår del av verda har betra seg monaleg, vurdert ut frå dødelegheit og middellevetid, har befolkninga vorte mindre tilfreds med si eiga helse. Førekomsten av symptom og ubehag aukar, og folk kjenner seg oftare sjuke.

Den amerikanske psykiateren Arthur J. Barsky har karakterisert dette som eit helseparadoks, og han har fleire forklaringar på fenomenet. For det fyrste har medisinske framsteg og betra levekår ført til at fleire lever lenger med sjukdommane sine og med det får fleire kroniske plager. Dernest er helsemedvitet i samfunnet auka, og folk er meir merksame på plagene sine. Kommersialiseringa av helsetenester og helseprodukt, samt fokuseringa til media på helsefarar, skaper angst og uro. Folk sine forventingar har dessutan heile tida auka litt meir enn det den medisinske utviklinga og ressursmessige tilgangen gjev grunnlag for, noko som har skapt ei aukande kløft mellom forventningane om behandling og symptomfridom og den verkelege situasjonen. Sjukdom og død er uløyseleg knytt til menneskelivet, og det moderne mennesket gløymer stundom at døden ikkje kan forhindrast, berre utsetjast.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg