Uttrykket global helse har ingen presis definisjon og blir ofte brukt synonymt med internasjonal helse.
Dei norske medisinarane John-Arne Røttingen og Harald Siem har definert internasjonal helse på følgjande måte: Internasjonal helse blir forstått som internasjonal samfunnsmedisin, det engelsk/amerikanske omgrepet international eller global public health. Samfunnsmedisin er eit fagområde som legg samfunnsforholda til rette, basert på medisinsk og samfunnsvitskapleg grunnlag, slik at befolkninga kan vera ved god helse. Etterprøving av helsetiltak (evidence based medicine), kunnskap om kva som påverkar folkehelsa (determinantar) og måling av utbreiing av sjukdom og faktorar som påverkar sjukdom (epidemiologi), er viktige element. I seinare tid er også dei politiske rammefaktorane trekte inn i biletet (the new public health).
Internasjonal helse, eller internasjonal samfunnsmedisin, rører ved dei oppgåvene som krev mellomstatlege løysingar, og som i nokre tilfelle vedkjem oss alle. Felles klassifikasjonar av sjukdommar gjer forsking og samanlikning mogleg, felles rapporteringsreglar gir oversyn, utryddinga av poliomyelitt vil få betydning for etterslekta i alle land, og så vidare.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.