Histaminliberator er ein type kjemisk forbindelse som frigjer histamin.

Faktaboks

Uttale
histamˈinliberˈator

Histaminliberatorar kan vere årsak til kløande utslett på huda, astmaanfall og blodtrykksfall (pseudoallergi, anafylaktoid reaksjon).

Histaminliberatorar finst naturleg i kroppen, der dei er med på ulike kjemiske prosessar. Ei rad legemiddel kan frigjere histamin, til dømes kurare og morfin.

Histaminliberatorar kan også finnast i matvarer, til dømes i østers, muslingar og hummar.

Sterkast histaminfrigjerande virkning har den kjemiske forbindelsen «compound 48/80», som blir brukt i eksperimentelle undersøkingar.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg