Leukotrienantagonistar er ein type astmamedisin som hemjar effekten av leukotrien. Leukotriena dannast frå arakidonsyre i kvite blodceller, og er med på å gjeve auka slimmengde og trangare luftvegar ved astma. Leukotrienantagonistane motverkar dette, og er difor aktuell i handsaming av astma.

Faktaboks

Uttale

leukotri'enantagonistar

Også kjend som

leukotrienreseptor-antagonistar (LTRAs), antileukotrien, leukotrienmodifikatorar

Bruk

Leukotrienantagonistar brukast som tilleggshandsaming av astma der inhalasjonssteroid og korttidsverkande beta2-agonistar (SABA) ikkje gjev tilstrekkeleg kontroll av astmaen.

Leukotrienantagonistar er òg indisert for symptomlindring av høysnue, som er ein betennelse i neseslimhinna forårsaka av allergen, vanlegvis pollen.

På den norske marknaden finst berre montelukast, som blokkerer ein undergruppe av cysteinylleukotrien-reseptorane. Cysteinylleukotrien er potente spasmogen, det vil seie at dei forårsakar samantrekking av muskulatur i bronkiane slik at dei vert trangare. I tillegg gjev dei auka mengde slim i luftvegane. Det er òg vist at cysteinylleukotrina bidreg til den underliggjande hyperreaktiviteten i bronkiane ved astma. Dei er til stades under både tidleg og sein fase av astma. Montelukast vil blokkere for binding mellom cysteinylleukotriena og reseptoren, og dimed motverke alle desse effektane.

Verknadsmekanisme

Leukotrienantagonisar verkar ved å blokkere leukotrienreseptorar. Leukotrienreseptorane er kopla til G-protein.

Biverknadar

Dei vanlegaste biverknadane er hovudverk og magesmerter.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg