Førebygging byggjer på to prinsipp: å redusere tilbøyelegheita til å utvikle allergiske symptom, og å unngå at det ein reagerer mot (pollen, soppsporar, dyrehår eller midd) kjem i kontakt med slimhinnene.
Tilbøyelegheita til å utvikle allergiske symptom kan ofte bli sterkt redusert ved hyposensibilisering (også kalla allergivaksinasjon), der ein enten får injeksjonar i huda med små doser allergen gjentatte gonger i lang tid (tre til fem år), eller får behandling med dråpar eller allergentablettar i munnen (førebels mogleg berre med få allergen, mellom desse graspollen). Behandlinga gjennom munnen verkar raskare enn behandling med hudinjeksjon, men må også vare minst to og helst tre år for å ha meir langvarig effekt. Å unngå irritantar som dieseleksos, støv, parfymer og sterke lukter vil også gjere at høysnuen ikke så lett blir utløyst. Irritantar vil også forverre allergiske reaksjonar som allereie har starta.
Å unngå eller redusere kontakten med det ein reagerer mot, gjer ein ved å fjerne kjeldene for allergenet i innemiljøet. Vindua i hus og bilar bør vere lukka når det er mykje pollen i lufta, og bilane bør ha pollenfilter som fungerer godt og vert skifta med regelmessige mellomrom. Ein bør følgje med på pollenvarsel. I utemiljø reduserer ein mengda pollenkorn og soppsporar som når inn til nasen og augene ved å bruke briller og eventuelt munnbind. Ein bør unngå trening og anna fysisk anstrenging ute når det er mykje pollen i lufta, fordi anstrenginga vil utløyse eller forverre symptoma og auke risikoen for utvikling av astma.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.