Anafylatoksin er fragment av komplement som gjer at vasoaktive stoff som histamin blir frigitt frå mastceller, og at blodkapillærane blir meir lekk med auka veskemengde i vevet som resultat. Viktige anafylatoksin er komplementaktiveringsprodukta C3a og C5a, som reager med motsvarande reseptorar C3aR og C5aR på cellene, spesielt mastcellene. C4a er eit svakare anafylatoksin. Anafylatoksin er ein del av det naturlege eller medfødde immunsystemet.

Anafylatoksin får glatt muskulatur til å trekke seg saman, og kan vere årsak til bronkospasme og astmasymptom. Dette kan saman med frisetting av histamin og andre stoff frå mastcellene resultere i ein allergiliknande anafylaktoid reaksjon, også kalla pseudoallergi.

Komplement kan bli aktivert og anafylatoksin produsert på grunn av ein spesifikk immunreaksjon, men også uten at det spesifikke eller erverva immunsystemet deltar. Anafylatoksin er ein viktig del av betennelsesmekanismen og kroppens forsvar mot mikroorganismer, og aukar tilstrøyminga av immunceller og cellene sitt opptak av bakteriar, men kan også vere årsak til allergiliknande anafylaktoide eller pseudoallergiske reaksjonar.

Blodprodukt, inkludert intravenøst immunglobulin og antiserum frå dyr, kan vere årsak til både anafylaktiske og anafylaktoide reaksjonar. Dette kjem iallfall delvis av at immunkompleks og aggregat av antistoffmolekyl som er blitt danna i produktet, aktiverer komplement slik at anafylatoksin blir danna.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg