Hamstrings.

Hamstrings, den bakre lårmuskulaturen som bøyer kneleddet og strekkjer hofteleddet.

Av /KF-arkiv ※.

Hamstrings er muskulaturen på baksida av låret, og består av musklane musculus semimembranosus, musculus semitendinosus og musculus biceps femoris.

Faktaboks

Uttale
hˈamstrings
Etymologi
engelsk ‘skinkestrengar’

Desse musklane forbind sitjebeinsknuten (os ischii) i bekkenet med beinet (crus). Derfor blir dei også kalla for iskiokrurale musklar. Dei strekkjer hofteleddet og bøyer kneleddet, og blir innerverte av nervus tibialis.

Det er ganske vanleg å få strekk i hamstrings i idrett med brå og kraftig muskelbruk, til dømes blant fotballspelarar og sprintarar. Musklane kan ein styrke ved øvingar der ein kombinerer hoftestrekk med knebøy, til dømes sykling.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg