Intoleranse tyder at ein ikkje tåler noko og får ein reaksjon. I medisinsk språkbruk vert intoleranse til vanleg nytta når ein ikkje tåler ei matvare eller eit medikament på grunn av ein mekanisme som ikkje har å gjere med allergi.

Faktaboks

Uttale

'intålerangse

Etymologi
av latin nektende in-, og tolerare ‘tåle, holde ut’, egentlig det ikke å tåle eller holde noe ut

Intoleranse er ei av dei to hovedformene for overfølsemd eller hypersensitivitet mot mat og medisin, den andre er allergi. Ved allergi deltek immunsystemet i reaksjonen mot maten eller medisinen, med IgE-antistoff eller spesifikke T-lymfocyttar eller anna immunreaksjon. I motsetnad til allergi, har ikkje intoleranse mot mat eller medisin immunsystemet som ein del av mekanismen. I tradisjonell språkbruk kan det likevel vere avvik frå denne moderne definisjonen, som til dømes glutenintoleranse, fordi mekanismane lenge var, og tildels framleis er, ukjente.

Diagnosen er oftest ein eliminasjonsdiagnose, da årsaka ikkje kan stadfestas sikkert. Det vil seie at ein må utelukke alle andre sjukdommar som kan gje liknande symptom. Noen gonger er årsaka kjent, det kan til dømes vere ein enzymmangel, slik som ved laktoseintoleranse.

Noen gonger blir ordet intoleranse som nemnt brukt breiare enn definisjonen strengt teke skulle gje grunn til — glutenintoleranse inkluderer til dømes også cøliaki, som er ein immunsjukdom.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg