RAST er ei forkorting for radio allergo sorbent test. Testen vart tidlegare brukt i allergidiagnostikken for å påvise og måle mengda av immunglobulin E (IgE) mot spesifikke allergen i serum. Nyare metodar har dei seinare åra erstatta RAST. Nemninga RAST vart ein periode nytta i medisinsk fagspråk nærast i same meining som spesifikt IgE. Føremålet med testen var å finne ut om pasienten var sensibilisert mot eit bestemt allergen, for å få styrka eller svekka ein klinisk begrunna mistanke om allergi mot dette allergenet.

Faktaboks

Etymologi

Forkortelse for radio allergo sorbent test.

RAST-teknikken vart teken i bruk i 1974, og er i hovedsak blitt erstatta av nyare, liknande testsystem der ein mellom anna nyttar fluorescens i staden for radioaktivitet som RAST var basert på. Ein svært vanleg nyare test er ImmunoCAP.

Verkemåte

I blodet til ein pasient som er allergisk mot for eksempel bjørkepollen vil det vere IgE-antistoff retta mot bjørkepollen. Når blodprøva (serumet) frå pasienten skulle analyserast med RAST, tilsette ein serum til eit RAST-reagens som inneheldt allergen frå bjørkepollen. Dei IgE-antistoffa i pasientens serum som var retta mot bjørkepollen, ville då binde seg til bjørkepollenallergena i RAST-reagenset. Mengda IgE-antistoff som var blitt bunden til reagenset, vart så målt med ein svært følsom og spesifikk radioimmunoassayteknikk. Utslaget i målinga, det vil seie mengda radioaktivitet, svara då til mengda av bjørkepollen-spesifikke IgE-antistoff i pasienten sitt serum. Serum frå ein person utan allergisk sensibilisering mot bjørkepollen ville ikkje ha IgE-molekyl som batt seg til bjørkepollenallergena i RAST-reagenset, og ville derfor ikkje gi utslag. Ei stor ulempe med RAST-testen var bruken av radioaktivitet for å måle mengda IgE.

RAST-klassar

Ved RAST var det ikkje råd å gje ein nøyaktig konsentrasjon av spesifikt IgE, målinga var semikvantitativ. Resultatet vart derfor gitt som RAST-klassar, på ein skala frå 0 (ikkje påvisbare IgE antistoff) til 6 (svært høg konsentrasjon av antistoff). Med nyare metodar gir ein svaret kvantitativt som kU/L (kilounits per liter). I pasientjournalar frå før omlag 2013 kan ein finne resultatet frå måling av spesifikt IgE gitt som RAST-klasse.

Tilhøvet mellom RAST-klasse og konsentrasjon målt i kU/L er slik:

Rast-klasse konsentrasjon målt i kU/L
0 < 0,35 kU/L
1 0,35 – 0,7 kU/L
2 0,7 – 3,5 kU/L
3 3,5 – 17,5 kU/L
4 17,5 – 50 kU/L
5 50 – 100 kU/L
6 > 100 kU/L

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg