Topiramat er eit antiepileptisk legemiddel. Legemiddelet vert brukt førebyggande mot epileptiske anfall. Epilepsi er plutseleg auka og ukontrollert elektrisk aktivitet i hjernen.

Verknadsmekanisme

Det er ikkje fullstendig kartlagd korleis topiramat verkar. Fleire mekanismar er sentrale i reduksjon av epileptiske anfall.

GABA

Epileptiske anfall er enkelt forklart eit resultat av for mange nervesignal i hjernen. Ein av mekanismane til topiramat er å frigi meir av signalstoffet GABA i hjernen. GABA dempar nerveimpulsar i hjernen. Det å frigi meir GABA reduserer overaktiviteten i hjernen. Resultatet av dette er færre epileptiske anfall.

Natriumkanalar

Natriumkanalar i nervecellene har ei sentral rolle for overføring av nervesignal. Topiramat er ein natriumkanalblokkar. Ved å hemme natriumkanalane vil ein få mindre nerveimpulsar og reduksjon i epileptiske anfall.

Glutamat

Glutamat er eit anna naturleg signalstoff i hjernen. Glutamat har normalt stimulerande effekt og aukar nervesignala i hjernen. Dette er motsett effekt av GABA. Topiramat hemmar glutamat. Dette resulterer i færre nerveimpulsar. Ein får minsking av overaktivitet i hjernen og færre epileptiske anfall.

Bruk

Topiramat vert brukt i behandling av fleire ulike typar epilepsi. Behandlinga kan skje med topiramat aleine eller i kombinasjon med andre antiepileptika.

Epileptiske anfall kan påverke mindre område av hjernen (fokale anfall) eller heile hjernen (generaliserte anfall). Topiramat vert brukt i behandling av begge desse formane.

Nokre generaliserte anfall fører til tap av medvit, avstiving av musklane i kroppen (toniske kramper) og rykningar i armar og bein (kloniske krampar). Dette vert kalla generaliserte tonisk-kloniske anfall. Topiramat vert også brukt i behandling av denne forma epileptiske anfall.

Topiramat kan også brukast førebyggande mot migrene.

Biverknadar

Topiramat har biverknadar knytt til stemningsleie som depresjon og aggresjon.

Trøyttleik, talevanskar og hugsevanskar er andre vanlege biverknadar. Også biverknadar knytt til mage- og tarmsystemet er vanlege. Dømer på dette er vektnedgang, diaré og kvalme. Håravfall, tungpust, naseblod, leddsmerter og ukontrollerte muskelkrampar er andre biverknadar som kan førekomme.

Forsiktigheitsreglar

Topiramat kan auke sannsynet for nyrestein. Legemiddelet bør dermed brukast varsamt ved redusert nyrefunksjon. Topiramat skal også brukast med forsiktigheit hos eldre.

Bruk av topiramat for fertile kvinner skal skje i samråd med spesialist. Legemiddelet kan ha fosterskadelege effektar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg