DNA

DNA. Frå DNA til protein. Figurane illustrerer korleis DNA-molekylet kan gi instruksar om oppbygninga av eit protein. Dei viser korleis rekkjefølgja av basane i DNA-molekylet bestemmer rekkjefølgja av basane i mRNA-molekylet som fører instruksen ut i cytoplasma. Her føregår sjølve proteinsyntesen, og proteina blir bygde opp av aminosyrer i den rekkjefølgja mRNA-molekylet gir instruksar om ut frå den genetiske koden. Dei enkelte delane av figuren til venstre (a–c) er meir detaljert illustrerte til høgre.

DNA
Av /Store medisinske leksikon ※.

Transkripsjon er ein biologisk prosess der det blir laga ein RNA-kopi av ein gensekvens (DNA) som kodar for eit protein. RNA-kopien blir kalla mRNA (forkorting for messengerRNA på engelsk) eller bodbringar-RNA.

Faktaboks

Uttale
transkripsjˈon
Etymologi
av trans- og latin scribere, ‘skrive’

Transkripsjonen startar ved at enzymet RNA-polymerase bind seg til starten av gensekvensen og skil dei to DNA-trådane i DNA-dobbeltheliksen. Berre den eine DNA-tråden blir lesen av (kalla templattråden eller antisensetråden), og mRNA-et blir danna ved at ribonukleotid blir hekta saman.

Transkripsjon er det første steget i proteinsyntesen, og informasjonen i mRNA-et blir deretter brukt til å lage protein gjennom translasjon.

Frå DNA til mRNA

Transkripsjon kan beskrivast i tre trinn:

  1. Det første trinnet er initieringa, der enzymet RNA-polymerase bind seg til eit bestemt område på gensekvensen. Denne gensekvensen blir kalla promotor og signaliserer kvar transkripsjonen skal byrje. Bindinga av RNA-polymerase skjer ved hjelp av andre protein, kalla transkripsjonsfaktorar. Etter at RNA-polymerasen er festa, opnar DNA-dobbeltheliksen seg, og dei to DNA-trådane skilst frå kvarandre. Berre den eine DNA-tråden blir brukt som templat til å lage mRNA – denne blir kalla templattråden eller antisensetråden. Den nylaga mRNA-tråden er identisk med den DNA-tråden som ikkje blir lesen av (sensetråden), bortsett frå at basen thymin (T) i DNA er bytt ut med uracil (U).
  2. I trinn 2, som blir kalla elongering, beveger RNA-polymerasen seg langs DNA-tråden, samtidig som eitt og eitt ribonukleotid (enkeltbyggjesteinar) blir lagd til mRNA-tråden. Rekkja av ribonukleotid dannar ein veksande mRNA-tråd. Medan dette skjer, blir DNA-dobbeltheliksen opna stadig vidare langs gensekvensen ved ein glidelåsliknande mekanisme.
  3. Transkripsjonen blir avslutta ved terminering. Den nysyntetiserte mRNA-tråden losnar frå gensekvensen på ein stad med ein bestemd DNA-sekvens (termineringssignal).

mRNA i cella

Etter at transkripsjonen er avslutta, blir den nylaga mRNA-tråden brukt som oppskrift for protein i cella. Dette er del 2 av proteinsyntesen og blir kalla translasjon.

I prokaryote organismar, som bakteriar, skjer både transkripsjon og translasjon i cytoplasmaet. Dette er fordi dei prokaryote ikkje har cellekjerne, og mRNA-et treng heller inga omarbeiding før translasjonen startar.

I eukaryote organismar, som dyr, plantar og sopp, skjer transkripsjon i cellekjernen og translasjon i cytoplasmaet. Før den ferdige mRNA-tråden blir frakta ut av cellekjernen og inn i cytoplasmaet, må mRNA-tråden modifiserast. Dette skjer gjennom ein prosess som blir kalla RNA-prosessering.

RNA-prosessering

RNA-prosessering.

RNA-prosessering. Under transkripsjonen i eukaryote celler blir det først danna eit primært RNA-transkript i cellekjernen. Det primære RNA-transkriptet blir forma om gjennom RNA-prosessering til det ferdige mRNA-et. Dette er mal for proteinet som genet kodar for, og blir sendt i cytoplasmaet til cella.

Av /Store medisinske leksikon ※.

Den heilt nylaga mRNA-tråden, som blir kalla primærtranskript, kan vere ulik i storleik sjølv om han kjem frå same gen. Dette er fordi termineringssignalet på DNA-sekvensen kan vere plassert på ulike stader. Primærtranskriptet består av to ulike typar segment, kalla ekson og intron. Berre eksona inneheld informasjon frå DNA-et om proteinet som skal dannast. RNA-prosesseringa startar omgåande ved at ein ekstra G (guanin) blir hengd på i starten av primærtranskriptet (dette blir kalla mRNA-cap), og at det blir kutta i den andre enden på ein bestemd stad, og at eit antal A-ar (adenin) blir hengde på (kalla polyA-hale). Deretter skjer mRNA-spleisinga ved at dei delane av mRNA-molekylet som inneheld intron, blir kutta ut, og eksona blir spleisa saman til den endelege mRNA-tråden, som så forlèt kjernen og går over i cytoplasma og bind seg til ribosoma. Her startar så translasjonen, som er ein del av proteinsyntesen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg