Hygienehypotesen er ein teori om at mindre kontakt med mikrobar på grunn av god hygiene og færre infeksjonar aukar risikoen for å utvikle allergi. Hygienehypotesen er særleg blitt nytta for å forklare den aukande førekomsten av allergi i dei velståande delane av verda, og også at det innafor eit samfunn er mest allergi hos dei familiane som har den høgaste levestandarden. Også andre sjukdommar der immunsystemet er medverkande, til dømes diabetes type I, betennelsessjukdom i tarmen og leddgikt (rheumatoid artritt), er omfatta av hypotesen.
Hygienehypotesen er lite presis, og har over tid endra innhaldet betydeleg frå å handle om spesifikke infeksjonar til å handle om variert mikrobeflora og biologisk mangfald. Det er ikkje avgjort kva som er rolla til spesifikke infeksjonar og kva som er rolla til den normale bakteriefloraen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.