Atopi er ein medfødd, arveleg bestemt tendens til å utvikle allergi av den typen som er avhengig av IgE. Personar med atopi, atopikarar, er ofte allergiske mot fleire forskjellige allergen, og vert då kalla multiallergiske.
Faktaboks
- uttale:
-
atopˈi
- etymologi:
-
av gresk a-, ‘uten’, og topos, ‘sted’
Personar med atopi har auka tilbøyelegheit til å få barneeksem (atopisk eksem), matallergi, elveblest (det same som urticaria) og allergiske luftvegslidingar som allergisk snue (høysnue, pollenallergi, dyrehårsallergi, middallergi) og astma.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.