rhinokonjunktivitt

Artikkelstart

Rhinokonjunktivitt er ein tilstand med betennelse i augene og nasen. Den kan også komme av virusinfeksjonar, men nemninga blir oftast brukt i samband med allergi: allergisk rhinokonjunktivitt. Rhino står for nase, og konjunktivitt for betennelse i slimhinnene i augene.

Faktaboks

Etymologi
av rhino- og konjunktivitt

Årsak

Allergisk rhinokonjunktivitt har oftast som årsak allergen som blir spreidde med lufta, slik som pollen (vert då ofte kalla høysnue), dyrehår eller husstøvmidd.

Symptom og teikn

Vanlege symptom og teikn på rhinokonjunktivitt er kløe i augene og nasen, rennande auger og nase, og rødheit i augene, tett nase og nysetokt. Symptoma vil vise sesongvariasjon når årsaka er pollen eller soppsporar i uteluft, medan symptoma vil variere mindre gjennom året når årsaka er dyrehår eller husstøvmidd. Astmasymptom kan komme i tillegg.

Behandling g førebygging

Allergisk rhinokonjunktivitt vert best behandla ved at ein minst mogleg utset seg for dei aktuelle allergena, så langt det let seg gjere. I tillegg kan ein bruke auge- og naseskylling med saltvatn og behandling med medisinar som augedråpar, nasespray og nasedråpar og antihistamintablettar.

Til førebygging av rhinokonjunktivitt kan ein i mange tilfelle ha god nytte av hyposensibilisering (allergivaksinasjon).

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg