Faktaboks

Folkehelseinstituttet

Nasjonalt folkehelseinstitutt

Folkehelseinstituttet (FHI)

Folkehelsa

Forretningsadresse
Oslo
Dagleg leiar
Gun Peggy Knudsen
Folkehelseinsituttet
Av .

Folkehelseinstituttet er eit forvaltningsorgan under Helse- og omsorgsdepartementet, med helseovervaking, forsking, tenesteyting og rådgiving som arbeidsfelt. Folkehelseinstituttet skal ha oversyn over helsetilstanden i befolkninga og utarbeide folkehelseprofilar for kommunar og fylke. Dei skal også arbeide for å betre helsa i befolkninga ved å formidle kunnskap og gi råd om korleis ein kan styrkje det helsefremjande og førebyggjande arbeidet.

Guri Rørtveit er direktør sidan 2024.

Folkehelseinstituttet (FHI) er underlagt Helse- og omsorgsdepartementet og er den faglege rådgivaren for styresmaktene på områda smittevern, miljømedisin, epidemiologi, psykisk helse, rettsmedisin og rusmiddelforsking. På desse områda gir instituttet råd og bistand til styresmakter, helseteneste, rettsapparat, påtalemakt, politikarar, media og publikum.

Hovudmål

Instituttet har følgjande uttalte hovudmål:

  • beredskap mot akutte helsetruslar
  • råd og tenester som forbetrar folkehelsa
  • oversyn over folkehelsa og forhold som påverkar folkehelsa
  • kunnskap om kva som forårsakar folkesjukdommar, og kva som gir befolkninga betre helse

Organisering

Instituttets øvste leiing i Folkehelseinstituttet består av konstituert direktør, assisterande direktør, områdedirektørane, kriseleiar, direktør for instituttstab og administrasjon, stabssjefen, og kommunikasjonsdirektøren. Instituttet er sidestilt med Helsedirektoratet, Helsetilsynet og Direktoratet for medisinske produkter (tidl. Legemiddelverket) i direktoratsstrukturen under Helse- og omsorgsdepartementet og består av seks divisjonar:

  • epidemiologi
  • miljømedisin
  • psykisk helse
  • rettsmedisinske fag
  • smittevern
  • samfunnskontakt og instituttressursar

Folkehelsestudiar

Folkehelsestudiar, det vil seie befolkningsbaserte helseundersøkingar og forskingsprosjekt, er eit viktig grunnlag for arbeidet til instituttet. Den norske mor, far og barn-undersøkinga (MoBa), regionale helseundersøkingar som tidlegare blei drivne av Statens helseundersøkingar (SHUS), Tvillingregisteret og andre folkehelsestudiar har samla biologisk materiale sidan tidleg på 1990-talet.

I samarbeid med dei medisinske fakulteta ved universiteta har Folkehelseinstituttet bidrege til at Noreg har ein av verdas største befolkningsbaserte biobankar som vil danne grunnlag for forsking og helseovervaking i ei årrekkje framover.

Smittevern

Smittevern er sentralt i instituttet, og divisjon for smittevern er den største divisjonen. Overvaking av smittsame sjukdommar og smittestoff, beredskap ved utbrot, mikrobiologiske spesialundersøkingar og vaksineforsyning er nokre av arbeidsoppgåvene. Instituttet spelte ei sentral rolle i overvakinga av Covid-19-pandemien og som rådgjevar for Helse- og omsorgsdepartementet i den samanheng.

Ansvarsområde

Folkehelseinstituttet har eit særleg ansvar for å samle inn og analysere helsedata for å kartleggje helsetilstanden til befolkninga. Instituttet skal i tillegg drive forskingsverksemd, gi vitskapleg baserte råd og formidle kunnskap om kva samfunnet kan gjere for å skape gode og sunne levekår.

Helseregister

Helseregister er eit viktig grunnlag for arbeidet til instituttet og instituttet har vore ansvarleg for dei fleste av Noregs sentrale helseregister:

Frå 2024 blei Folkehelseinstituttet vidare ansvarleg for:

  • Norsk pasientregister (NPR)
  • Kommunalt pasient- og brukerregister (KPR)
  • IPLOS-registeret
  • Egg- og sæddonorregisteret (ESDR)
  • Kreftregisteret

Data frå desse registera bruker instituttet i løpande helseovervaking, helsestatistikk, oppklaring av utbrot av smittsame sjukdommar og forsking. Registera blir regulerte av helseregisterlova, som kom i 2002, og det er utarbeidd forskrifter for kvart enkelt register. Data frå registera er tilgjengelege for forskarar og andre som søkjer om tilgang.

Historikk

Statens institutt for folkehelse blei grunnlagd i 1929 og hadde det første året 18 tilsette. I fleire tiår var smittevern det primære verkeområdet, og i byrjinga hadde instituttet hovudsakleg ansvar for å forsyne befolkninga med vaksinar og serum, og utførte også kjemiske analysar av vatn og mat. Etter kvart som epidemiane minka og ein fekk betre kontroll med smittsame sjukdommar, retta instituttet merksemda mot helseskadar og sjukdommar som kjem av miljømessige, sosiale og psykiske faktorar.

På 1970-talet blei verksemda utvida til også å omfatte ikkje-smittsame sjukdommar, og Statens institutt for folkehelse oppretta avdelingar for toksikologi og epidemiologi. Helsetenesteforsking blei innlemma på 1980-talet.

I 2002 og 2003 blei instituttet slått saman med andre institusjonar og einingar til eit nytt folkehelseinstitutt. Det nye folkehelseinstituttet blei formelt etablert i 2002 og endra namn til Nasjonalt folkehelseinstitutt. Dette nye instituttet fekk ansvar for alle nasjonale helseregister (utanom Kreftregisteret), for å koordinere all offentleg epidemiologisk datainnsamling i Noreg og for toksikologi- og rusmiddelforsking.

I 2005 og 2006 utvida Folkehelseinstituttet sitt faglege verkeområde ved å etablere ein ny divisjon for psykisk helse. Instituttet fekk også ansvar for å førebyggje helseskadar og sjukdom som følgje av skadeleg bruk av rusmiddel, manglande fysisk aktivitet, fedme og ubeskytta sex.

Frå 2024 blei Folkehelsinstituttet reindyrka som ein kunnskapsetat. Instituttet fekk større ansvar for helseregister og forvaltning av helsedata, medan Helsedirektoratet overtok oppgåver frå FHI på folkehelsefeltet. Direktoratet for medisinske produkter (Statens legemiddelverk) overtok oppgåver knytt til vaksinekjøp og metodevurderingar frå FHI.

I 2022 hadde FHI om lag 1000 tilsette.

Direktørar

* Joakim Foss var i nokre månader fungerande instituttdirektør i perioden mellom Aaser og Lerche.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

Folkehelseinstituttet
Sektorkode
6100 Statsforvaltningen
Næringskode(r)
72.190 Annen forskning og annet utviklingsarbeid innen naturvitenskap og teknikk

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg