ICD-10 er den tiande revisjonen av den internasjonale statistiske klassifikasjonen av sjukdommar og relaterte helseproblem. Den periodiske revisjonen av ICD er sidan sjette revisjon i 1948 koordinert av Verdshelseorganisasjonen (WHO). ICD-10 blei vedteken av Verdshelseorganisasjonen i 1990 og kom ut i 1992. Statens helsetilsyn utarbeidde deretter ei utgåve spesielt tilpassa norske forhold. No er det Direktoratet for e-helse som har ansvaret for dette arbeidet.

Faktaboks

Etymologi
forkorting for engelsk international classification of diseases and related health problems, 10th edition

ICD-10 blei innført som offisiell norsk klassifikasjon av psykiske lidingar frå og med 1997, og for somatiske sjukdommar og skadar frå 1999.

Verdshelseorganisasjonen har utarbeidd ei revidert utgåve, ICD-11, som blei godkjend av verdshelseforsamlinga i mai 2019. Denne er enno ikkje teken i bruk i Noreg.

Historikk

ICD-10 er den nest siste klassifikasjonen i den rekkja som blei formalisert i 1893 som The Bertillon Classification, eller Den internasjonale lista over dødsårsaker. Tittelen har blitt endra for å gi tydelegare uttrykk for innhald og føremål, og for å spegle den stadige rammeutvidinga for klassifikasjonen utover sjukdommar og skadar, men den innarbeidde forkortinga ICD er behalden. I ICD-10 er sjukdomstilstandane grupperte slik at statistikkar som legg denne klassifikasjonen til grunn, skal vere eigna for generelle epidemiologiske føremål og for evaluering av helsetenester.

Innhald i dei tre binda av ICD-10

Presentasjonen av klassifikasjonen er endra og bestod frå Verdshelseorganisasjonen si side opphavleg av tre bind:

Bind 1: Systematisk del som inneheld sjølve klassifikasjonen på tre- og fireteiknnivå (sjå nedanfor), klassifikasjon av svulstmorfologi, spesielle systematiske oversikter over dødelegheit og vanhelse, definisjonar og nomenklaturreglane.

Bind 2: Handbok som inneheld kommentarar rundt sertifisering og klassifikasjon som tidlegare var ein del av bind 1, med ei stor mengd nytt bakgrunnsmateriale og dessutan råd om bruken av bind 1, statistikk og informasjon om planarbeid vedrørande implementeringa av ICD-10. Bind 2 inneheld dessutan historisk materiale som tidlegare fanst først i bind 1.

Bind 3: Alfabetisk indeks som inneheld sjølve indeksen, med innleiing og utvida brukarrettleiing.

Den trykte norske utgåva av ICD-10 inneheld den systematiske og alfabetiske delen i eitt bind. Dei seinare åra har ICD-10 blitt jamleg justert for å fange opp endra behov, til dømes i samband med covid-19-pandemien. Direktoratet for e-helse publiserer årleg oppdaterte versjonar av ICD-10 på nettsidene sine.

Klassifikasjonssystem

ICD-10 klassifiserer sjukdommar i 17 ulike sjukdomsgrupper (kapitla A–P). Dessutan er det kapittel om medfødde misdanningar, deformitetar og kromosomavvik; symptom, teikn og unormale medisinske funn; skadar, årsaker til sjukdommar og skadar (kapitla Q–Y) og dessutan eit eige kapittel for å klassifisere faktorar som har noko å seie for helsetilstand og kontakt med helsetenesta (kapittel Z).

I ICD-10 er lette tilstandar som gjeld immunsystemet, plasserte saman med sjukdommar i blod og bloddannande organ. Det er oppretta nye kapittel for sjukdommar i auget og omgivnadene til auget, og for sjukdommar i øyre og øyrebeinsknute. Dei tidlegare tilleggsklassifikasjonane for ytre årsaker og for faktorar som kan påverke helsetilstanden og kontakten med helsetenesta, har blitt ein del av hovudklassifikasjonen.

Kapittelbokstaven beskriv den overordna sjukdomsgruppa, til dømes kapittel F: psykiske lidingar, kapittel G: sjukdommar i nervesystemet. Deretter følgjer eit siffer som beskriv sjukdomsgruppa, til dømes G0: betennelsessjukdommar i nervesystemet, F3: stemningslidingar. Siffer nummer to blir brukt for å beskrive ein spesiell sjukdom innan den aktuelle sjukdomsgruppa, til dømes G00: bakteriell meningitt, F31: bipolar liding. Deretter følgjer eit punktum. Etter punktum følgjer eitt til to siffer som blir brukt for å beskrive undergrupper av ein bestemt sjukdom, til dømes G00.1: meningitt framkalla av pneumokokkbakteriar, F31.4: bipolar liding der den aktuelle stemningsendringa er kjenneteikna av alvorleg depresjon utan realitetsbrest (psykose).

Kriterium ved klassifikasjon og diagnose av psykiske lidingar

Ved klassifikasjon og diagnose av psykiske lidingar kan ein i liten grad bruke biologiske undersøkingar åleine for å stille ein diagnose. For å sikre at helsepersonell legg dei same kriteria til grunn når dei stiller psykiatriske diagnosar, har Verdshelseorganisasjonen difor gitt ut to bøker med utdjupande skildringar av kva symptom og teikn som skal finnast for å stille ein bestemt psykiatrisk diagnose, kalla høvesvis «ICD-10-klassifikasjon av psykiske lidelser og atferdsforstyrrelser: Kliniske beskrivelser og diagnostiske retningslinjer» og «Diagnosekriterier for forskning (ICD-10 Classification of Mental and Behavioral Disorders; clinical descriptions and diagnostic guidelines, 1992, og Diagnostic criteria for research, 1993)».

Ved å ta i bruk slike kliniske skildringar og diagnosekriterium har Verdshelseorganisasjonen byrja å bruke dei same prinsippa for psykiatrisk klassifikasjon som USA har følgt sidan 1980 (sjå DSM-systemet). Dette skil ICD-10 frå forgjengaren ICD-9.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer:

Kommentarar (4)

skreiv Reidar Schei Jessen

Hei,

Jeg kom over denne artikkelen i forbindelse med at jeg reviderer artikkel om kjønnsinkongruens og kjønnsdysfori. Hadde det vært mulig å oppdatere, slik at det kommer frem at den kom ny versjon i 2019, altså ICD-11?

Mvh,
Reidar Jessen,
fagansvarlig kjønnsidentitet

svarte Halvard Hiis

Hei, Reidar! Ny artikkel om ICD-11 er nå på plass: https://snl.no/ICD-11
Hilsen Halvard, medisinsk redaktør

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg