prednisolon

Prednisolon, eit syntetisk glukokortikoid, blir brukt ved tilstandar som revmatiske sjukdomar, inflammatorisk tarmsjukdom, alvorleg astma/kols og som del av eit kreftbehandlingsregime.

Faktaboks

Uttale
prednisolˈon

Bruk 

Prednisolon er eit effektivt betennelsesdempande middel som er ca. fem gongar sterkare enn kortisol som vert produsert naturleg i binyrebarken. Effekten av legemiddelet kjem allereie frå fyrste dag.

Dosering

Doseringa er indikasjonsavhengig. Lågdose vedlikehaldsdosering er på 2,5-10 mg/døgn, og høgdosering er på 20-80 mg/døgn.

Nivået av kortisol i kroppen er høgast om morgonen, difor er det hensiktsmessig å ta prednisolon på denne tida for å etterlikne kroppen mest mogleg.

Forholdsreglar

Ved å tilføre prednisolon vil eigenproduksjonen av glukokortikoid i kroppen bli redusert. Det er difor svært viktig at nedtrappinga skjer over tid slik at kroppen får tid til å starte produksjonen sin tilstrekkeleg opp igjen.

Biverknadar

Biverknadar er sjeldne ved bruk av lågdose prednisolon. Ein bør ta medisinen med litt mat og vatn for å unngå mage/tarmproblem.

Dei meir alvorlege biverknadane kjem ved bruk av høgdose prednisolon over lang tid. Biverknader er då vanleg og inkluderer mellom anna auka matlyst, vektauke, væskeopphoping i kroppen, forandring i kroppsfigur og utsjånad, blant anna rundare ansikt, på grunn av endra feittfordeling (Cushings syndrom), hudforandringar, humørsvingingar, uro og søvnvanskar.

Ved bruk av høgdose prednisolon over lang tid kan ein utvikle beinskjørheit (osteoporose). Prednisolon fører til at skjelettet mistar kalk. Det er difor viktig med tilstrekkeleg tilførsel av kalsium og vitamin-D under prednisolonbehandling.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg