Anti-IgE antistoff er antistoff retta mot immunglobulin av klassen IgE. Antistoffet har to bruksmåtar: ein som hjelpemiddel i allergidiagnostikken og ein som behandling av astma og elveblest (urticaria).

Diagnostikk

Antistoffet blir brukt som laboratoriereagens i allergidiagnostikk og forskning, for å påvise IgE. Anti-IgE til slik bruk er ofte produsert i forsøksdyr (polyklonale antistoff), eventuelt i cellekultur med hybridomteknikk (monoklonale antistoff).

Behandling

I behandling av astma og urticaria, blir anti-IgE gitt som injeksjon. Injisert anti-IgE vil binde seg til pasientens IgE, som da blir nøytralisert. Fordi IgE er ein svært viktig del av mekanismen i allergisk sjukdom, vil blokkering av IgE føre til at symptoma vert mindre. Anti-IgE er tatt i bruk særleg som tilleggsbehandling ved alvorleg astma når ein ikkje når målet med behandling med kortisonpreparat. Antistoffet blir også nytta ved kronisk urticaria, og på forsøksbasis ved andre allergiske sjukdommar, mellom anna matallergi.

Anti-IgE brukt til behandling er eit såkalla biologisk legemiddel. Det er eit monoklonalt antistoff konstruert med genteknologi og produsert i cellekultur med hybridomteknologi. Med utgangspunkt i eit monoklonalt antistoff frå mus, byttar ein på gen-nivå ut mykje av muse-molekylet (Fc-delen) med tilsvarande materiale frå menneske (rekombinant DNA), for å redusere risikoen for uønska immunreaksjonar når preparatet blir injisert i menneske. Bivirkningar som anafylaktisk reaksjon og serumssjukdom kan likevel forekomme.

I Noreg er eitt preparat med anti-IgE godkjent til medisinsk bruk, med preparatnamnet Xolair (omalizumab).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg