Serumsykdom er ein forbigåande overfølsomheitsreaksjon (Type III hypersensitivitet) som kan utvikle seg hos ein pasient som har fått innsprøytning av serum eller serumprotein frå dyr. Dette gjeld også protein produsert i cellekulturar med celler som ikkje er frå menneske (monoklonale antistoff). Nokre medisinar, også slike som ikkje er protein, kan gje ein tilstand som klinisk liknar på serumsjuke. Dette gjeld mellom anna ein del antibiotika.

Faktaboks

Uttale
sˈerumsykdom

Reaksjonen melder seg vanlegvis sju til tolv dagar etter innsprøytinga, når kroppen har danna antistoff mot dei framande proteina. Dersom pasienten har vore behandla tidlegare med det same serumet eller preparatet, kan reaksjonen komme allereie etter ein til fire dagar.

Sjukdommen er vanlegvis godarta, og pasienten blir oftast symptomfri igjen etter ein til fire veker. I sjeldne tilfelle kan meir alvorleg sjukdom med organskade utvikle seg.

Diagnose

Diagnosen blir avgjort på grunnlag av sjukehistoria, symptoma og funna ved legeundersøking. Laboratorieprøver er til liten nytte for å finne diagnosen, men det kan vere forandringar i talet på kvite celler i blodet, senkning (SR), kreatinin, komplementnivå, og i urinprøven.

Symptom og teikn

Dei viktigste symptoma og sjukdomsteikna er feber, hevelse, utslett og leddsmerter. Feberen kjem oftast før utslettet, og det er ofte høge febertoppar som går ned att same dag.

Utslettet er hos ni av ti pasientar som ved elveblest (urtikaria), men kan stundom ha andre former. Utslettet startar gjerne nedst på magen, ved navlen eller ved armholene, og breier seg ut derifrå. Særleg ved injeksjonsstaden kan det vere opphovning og kløe, men også i ansiktet kan ein hovne opp. Hovne lymfeknutar er vanleg i området ved injeksjonsstaden, men kan komme over heile kroppen. Leddsmerter kjem hos opptil 5 av 10 pasientar, dei er oftast symmetriske og mest vanlege i fingerledd og kne, men kan også komme i andre ledd. Muskelsmerte er ikkje uvanleg. Nyrene kan bli involvert med protein og/eller blod i urinen, men vanlegvis får ein ikkje nyreskade. I enkelte tilfelle får ein hjartemuskelbetennelse eller betennelse i hjarteposen. Symptom frå nervesystemet kan førekomme, mellom anna synsforstyrring og hovudverk. Lungene er lite involvert, men ei oppleving av pustevanskar kan førekomme. Magesymptom kjem hos sju av ti pasientar.

Førekomst

Risikoen for serumsjuke er større jo større dose og jo oftare framandt serum eller protein vert injisert. Risikoen varierer med typen preparat. I Australia fekk ein av tre pasientar som vart gjevne antiserum mot slangegift serumsjuke.

Sjukdomsmekanisme

Symptoma kjem av utfelling av antigen-antistoff-kompleks (immunkompleks) særleg i små blodårar, aktivering av komplementkaskaden, rekruttering av kvite blodceller, og frisetting av mediatorsubstansar som histamin (Type III hypersensitivitetsreaksjon).

Immunkompleks vert danna normalt og gir til vanleg ikkje sjukdom. Små immunkompleks gir ikkje betennelsesreaksjon, og store immunkompleks vert effektivt fjerna. Derimot kan mellomstore immunkompleks som vert danna når det er eit visst overskot av antigen (framandt protein) i høve til antistoff gje sjukdom. Etter kvart som antigenet blir fjerna og antistoffresponsen vert sterkare, blir imunkompleksa større og vert då fjerna utan å gjere skade, og pasienten frisknar til.

Behandling

Behandlinga er å unngå vidare injeksjon av preparatet som ga reaksjonen, når det er råd. Elles er det vanlegvis ikkje behov for anna behandling enn å lindre symptoma. Berre i sjeldne tilfelle er det aktuelt å gjere plasmaferese for å fjerne immunkompleksa frå serum. Symptoma kan ein lindre med antihistaminar og betennelsesdempande og febernedsettande medisinar. Pasientar med sterke symptom kan trenge behandling med glukokortikoidar (kortisonpreparat).

Førebygging

Ein bør mest mogleg unngå injeksjon av framandt serum og protein. Når tida tillet det, bør det gjerast hudtest med det ein skal injisere, spesielt hos pasientar med allergi mot hest eller anna dyreart som preparatet kjem frå. Det same gjeld om pasienten har fått preparatet tidlegare. Er akutt injeksjon av antiserum nødvendig, til dømes ved slangebitt, kan ein gje pasienten antihistaminar før injeksjonen. Det er viktig å ha intravenøs tilgang og anafylaksiberedskap. Desse tiltaka er viktige på grunn av faren for anafylaktisk reaksjon, men hudtestinga er av liten nytte med tanke på å finne om pasienten har risiko for å utvikle serumsjuke.

Det er rapportert vellykka intravenøs hyposensibilisering hos pasientar som fekk serumsjuke på grunn av behandling med monoklonalt antistoff (biologiske medisinar), slik at dei kunne forsette behandlinga i lang tid.

IgE-avhengige reaksjonar på serum og serumprotein

Ei innsprøyting med serum eller komponentar frå serum, for eksempel antistoff, kan føre til anafylaktisk reaksjon hos pasientar som på førehand er allergiske mot den dyrearten serumet eller proteinet kjem frå. Dette gjeld også pasientar som har anlegg for allergireaksjonar mot protein frå dyr av andre grunnar (sensibilisert mot allergenet alpha-gal, som finnst mellom anna i kjøt frå mange dyr, men manglar hos mennesket).

Pasientar som manglar immunglobulin A (IgA) i serum, kan reagere mot IgA i humant blod. Slik anafylaktisk reaksjon på grunn av IgE er ikkje serumsjukdom, men ein akutt livstruande tilstand som vert kjenneteikna ved mellom anna raskt blodtrykksfall og pustevanskar. Reaksjonen kjem vanlegvis få minutt etter innsprøytninga og kan føre til død etter nokre få minutt. Anafylaktisk sjokk må bli behandla øyeblikkeleg med injeksjon av adrenalin.

Historikk

Von Pirquet og Schick var dei første som i 1905 beskreiv serumsjuke. Dei rapporterte feber, utslett (mest elveblest), leddsmerter og hovne lymfeknutar ved injeksjonsstaden hos pasientar som fekk hesteserum som motgift.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg