461 fvt. |
Over 100 000 menneske i Roma døydde av pest. |
80 evt. |
Ei ny pestbølgje herja i Roma. Det samla talet på dødsfall er ikkje kjent, men mens pesten rasa som verst, døydde over 10 000 menneske dagleg. |
430 |
England blei ramma av ein pestilens som førte til total avfolking av enkelte område. |
722 |
Byen Chichester og omland i England blei nesten avfolka av ein epidemi. 34 000 døydde. |
746–749 |
Ei farsott herja i Konstantinopel. Over 200 000 var døde då epidemien ebba ut. |
954 |
Ein epidemi rasa i Skottland og kravde 40 000 offer. |
1172 |
Ein alvorleg epidemi førte til at dei engelske armeane som under Henrik 2 av England hadde invadert Irland, måtte trekke seg tilbake. |
1340–1350 |
Svartedauden breidde seg over verda og utrydda 25 millionar menneske i Europa. Pesten kom til Noreg i 1349 og spreidde seg i løpet av få månader over heile den sørlege delen av landet. Historikarar reknar med at berre 1/3 av befolkninga overlevde pesten. |
1383 |
Den såkalla «fjerde pestilensen» herja i Irland. |
1603 |
Ein epidemi braut ut i London og kravde 30 000 offer. |
1611 |
Ei farsott rasa i Konstantinopel og tok livet av 200 000 menneske. |
1625 |
London blei på nytt herja av ei farsott som kravde omkring 35 000 menneskeliv. |
1628–1632 |
Pesten blussa opp igjen. Han blei kalla «den lombardiske pesten» og spreidde seg til det meste av Europa under trettiårskrigen. I 1632 døydde 60 000 menneske av farsotta i Lyon-området i Frankrike. |
1656 |
Ei farsott herja i Napoli-området. 400 000 menneske døydde i løpet av seks månader. |
1664–1665 |
The Great Plague, 'den store pesten', kravde 10 000 menneskeliv i London-området. |
1720 |
Det braut ut ein pestilens i Marseille som førte til 60 000 dødsfall. |
1773 |
Frankrike blei herja av ei farsott som blei kalla «rotnefeberen». |
1784 |
Pesten hadde ei oppblussing i Izmir i Tyrkia og kravde 20 000 offer. |
1791–1798 |
Gul feber oppstod på ulike stader langs Atlanterhavskysten. New York, Philadelphia og Baltimore blei særleg hardt råka. |
1799 |
Pesten tok livet av 250 000 menneske i Egypt. |
1805 |
Ein alvorleg gulfeber-epidemi i New York førte til at over halvparten av dei 70 000 innbyggarane i byen rømde området i panikk. |
1814 |
Vesleasia, Palestina og Hellas blei heimsøkt av pesten. |
1817–1818 |
Ein kolera-epidemi rasa i India, Thailand, Sri Lanka og Malaysia. Talet på dødsfall var enormt. Epidemien breidde seg til Europa og ebba først ut i 1823. |
1819–1822 |
Det oppstod igjen ein hardnakka epidemi av den gule feberen i USA. I same periode mista omtrent halvparten av befolkninga i Tunis livet. |
1831 |
Koleraen trengde inn i Russland og Frankrike. Berre i Paris døydde 15 000 menneske. |
1832 |
Koleraepidemiar oppstod i Nord-Amerika. USA og Canada blei hardt heimsøkt: 3 000 offer i New York og 2 000 i kanadiske byar. Året etter opptredde sjukdommen svært vondarta i Noreg. |
1848–1849 |
Det oppstod ein ny koleraepidemi i Storbritannia og Amerika. |
1848–1862 |
Skandinavia blei igjen heimsøkt av koleraen. I Noreg blei 2 453 angripne av sjukdommen i 1853; om lag 65 prosent av dei døydde. Tre år seinare blussa epidemien opp på ny i størstedelen av Europa. |
1878 |
Gul feber herja veldig i sørstatane i USA og la mange byar øyde. |
1884–1885 |
Ein ny koleraepidemi breidde seg i Europa. Sju år seinare blussa han opp på ny. |
1889 |
Ein vondarta influensaepidemi spreidde seg over heile verda. |
1902–1909 |
Russland blei heimsøkt av kolera. |
1918 |
Ein ny influensaepidemi (H1N1), «spanskesjuka», breidde seg over verda. Dødstalet er svært usikkert, men ein går ut frå at minst 50 millionar menneske døydde på verdsbasis. |
1921–1922 |
Tyfusepidemi og hungersnød oppstod i Russland. Tre millionar menneske døydde. |
1947 |
Ein vondarta koleraepidemi herja i Egypt; mange tusen døydde. |
1957 |
Influensaepidemi (H2N2), «asiasjuka», kravde om lag 100 000 menneskeliv. |
1968 |
Influensaepidemi (H3N2), «Hong Kong-influensaen», kravde rundt 700 000 liv. |
1971 |
Ein koleraepidemi herja i Vest-Bengal etter ein flaumkatastrofe og masseflukt frå Bangladesh. |
1981– |
Hiv-epidemien har truleg ført til meir enn 40 millionar dødsfall. |
2002 |
Sars-koronavirusutbrotet kravde nokre hundre menneskeliv. |
2009 |
Influensaepidemi (H1N1), «svineinfluensaen», kravde i underkant av 300 000 liv. |
2010 |
Det fyrste kolerautbrotet i Haiti på over eit hundre år blei oppdaga i oktober. Smitta kom truleg frå FN-troppar frå Nepal som var stasjonert i Haiti etter jordskjelvet tidlegare same år. |
2014–2017 |
Utbrot av sjukdom på grunn av ebolavirus i Vest-Afrika med over 10 000 døde. |
2020- |
Verdsomspennande utbrot av sjukdommen covid-19, som kjem av eit koronavirus, sars-CoV-2. Viruset blir rekna for å ha opphavet sitt i millionbyen Wuhan, Kina i desember 2019. Status per november 2022 er meir enn seks hundre millionar bekrefta smitta og i overkant av seks millioner døde (WHO). Tala er truleg høgare enn det som er offentlig kjent. |
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.