Fugleinfluensa

Personell kledd i verneutstyr under ein inspeksjon av ei besetning med høns i Malaysia i august 2018. Føremålet var å sjekke for smitte av fugleinfluensa.

Fugleinfluensa
Av /Shutterstock.

Fugleinfluensa er ein smittsam virussjukdom hos fugl, særleg andefuglar. Sjukdomen blir forårsaka av fleire ulike undergrupper av influensavirus A og har vore kjend frå ulike delar av verda i lang tid. Sjukdomen kan gi svært høg dødelegheit i fuglebestandar.

Faktaboks

Også kjend som
aviær influensa

Det er svært uvanleg at menneske blir smitta, og smitte til menneske krev tett kontakt med sjuke fuglar eller avføringa deira. I si alvorlege form har sjukdomen tidlegare vore kjend som hønsepest.

Epidemiologi

Inntil 1997 trudde ein ikkje at fugleinfluensa kunne krysse artsbarrieren og smitte menneske. Men i 1997 var det ein avgrensa epidemi i Hongkong der 6 av dei 18 råka menneska døde. Denne undergruppa av viruset, H5N1, har sidan etablert seg i fjørfebestandar i delar av Asia, Afrika, Europa og Midtausten, og det er rapportert 850 tilfelle hos menneske i 16 ulike land og ei dødelegheit på 53 prosent.

I 2013 blei det funne ei ny undergruppe av fugleinfluensa, H7N9, hos menneske i Kina. Dette viruset har spreidd seg til store delar av fjørfepopulasjonen i Kina. Sidan då har over 1500 personar blitt smitta, og det har vore høg dødelegheit blant desse.

Det finst fleire andre typar av fugleinfluensa som har gitt mild sjukdom hos menneske eller sporadiske tilfelle av alvorleg sjukdom.

Fugleinfluensa som kan smitte til menneske, er aldri påvist hos fuglar eller menneske i Noreg.

Nye virustypar

Det finst ein risiko for at det kan oppstå ein ny variant av influensavirus som kan føre til eit omfattande utbrot blant menneske. Dette kan skje gjennom mutasjonar hos viruset eller dersom eit menneske har infeksjon med eit vanleg influensavirus og samtidig får infeksjon med eit fugleinfluensavirus. Desse to virusa kan då utveksle genetisk informasjon og gi opphav til ein ny variant. Dersom den nye undertypen av influensavirus spreier seg effektivt frå person til person i ei befolkning der det ikkje finst immunitet, kan dette gi opphav til ein pandemi. Styresmaktene overvaker derfor løpande dei fugleinfluensavariantane som sirkulerer.

Dei to undertypane av influensavirus som forårsakar dei årlege influensaepidemiane i befolkninga, har opphav i virus frå fugl for 50–100 år sidan.

Symptom

Symptoma ved fugleinfluensa hos menneske varierer. I nokre tilfelle er det milde symptom som augebetennelse, men det er vanlegare med typiske influensasymptom som høg feber, muskelsmerter, hoste og hovudverk. Det kan også utvikle seg til ein alvorleg lungesvikt med dødeleg utgang.

Behandling og førebygging

Det er usikkert kor effektive dei antivirale midla vi har mot influensavirus, er til behandling av fugleinfluensa, og sjølvsagt også mot sjukdomen som den eventuelle nye virustypen forårsakar.

Det finst ingen vaksine mot fugleinfluensa i Noreg i dag. Det viktigaste førebyggjande tiltaket er å kontrollere og førebyggje førekomsten av fugleinfluensavirus i fjørfebesetningane i verda.

Dersom det oppstår eit mutert virus som kan forårsake ein pandemi blant menneske, vil vaksineprodusentar verda over starte produksjon av vaksine basert på det nye viruset. Helsestyresmaktene i Noreg har inngått avtale om leveranse av vaksine til heile befolkninga ved ein eventuell pandemi.

Smitteutbrudd i Noreg

I juli kom eit alvorleg utbrudd av fugleinfluensa hos måker i Noreg, spesielt Finnmark. Tidlegare er berre få tilfelle av fugleinfluensa hos svaner påvist i 2006.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg