Førebygging av allergianfall består i å unngå kontakt med dyret som ein er allergisk mot, eller med noko som kan ha allergen frå dyret på seg, slik som tekstilar og husstøv frå stader der dyret har vore. Avhengig av situasjonen kan det vere nyttig med munnbind og/eller hanskar. Om ein har vore i kontakt med allergenet, er det nyttig å vaske hendene og ansiktet, med særleg god skylling av augo og naseborene.
Det er vanskeleg å bli heilt kvitt dyreallergen i rom der dyret har opphalde seg, men god reingjering av rommet, inkludert skifting av gardiner og andre vaskbare tekstilar hjelper. Teppegolv rår ein frå å bruke. Allergena følgjer med kleda, slik at ein blir utsett for allergen også på offentlege kommunikasjonsmiddel og på lesesalar, skular og i barnehagar. Mengda av dyreallergen i skular og barnehagar blir avgjort av kor mange av barna som har dyr med pels heime. Ein har eksempel på at dyreallergen blir spreidde med dårleg vedlikehaldne eller feilkonstruerte ventilasjonsanlegg i større bygg.
Det er omdiskutert om ein bør unngå kjæledyr med pels i barnefamiliar med tendens til allergi, og ein må vege risikoen mot gleda og den psykososiale verdien av at barna får ha dyr. Somme vil hevde at vel ein å ha dyr, er hund tryggare enn katt og dei andre kjæledyra med omsyn til allergi, og at hund kanskje tilmed kan verke beskyttande mot allergi. Dette kan truleg avhenge mykje av kor sterk den arvelege allergitendensen er. Sameleis tyder studiar på at skal ein skaffe seg dyr, er det betre at dyret kjem inn i familien medan mor er gravid enn at dyret kjem i småbarnsalderen.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.