straksallergiske reaksjonar

Artikkelstart

Straksallergiske reaksjonar er allergiske reaksjonar som kjem raskt, det vil vanlegvis seie enten umiddelbart eller nokre minutt etter kontakt med allergenet.

Denne typen overfølsomheitsreaksjonar kjem av at et antigen (allergen) reagerer med immunglobulin av typen IgE, noko som gir frigjering av histamin og andre aktive stoff frå mastceller og basofile granulocyttar. (Reaksjonane representerer Type I-reaksjon i Coombs og Gells klassifisering av immunologiske reaksjonar.)

I nokre få spesielle tilfelle tek det timar før reaksjonen kjem, dette gjeld flåttbittassosiert allergi mot kjøtt (alfa-gal allergi), allergi mot soyaproduktet natto, og anstrengelsesindusert matallergisk reaksjon (forseinka straksallergiske reaksjonar).

Reaksjonen har ofte to fasar: den første 'bølga' med symptom som kjem raskt, og ei seinare 'bølge' nummer to med forverring som ofte kjem etter om lag seks til tolv timar. Denne andre fasen er meir prega av immunceller, og kan også vere alvorleg. Mellom dei to fasane kan det vere mykje mindre symptom og tilsynelatande god betring. Det at straksallergiske reaksjonar på denne måten ofte kjem i to 'bølger', er viktig med tanke på kor lenge pasientar med alvorlege allergiske reaksjonar i luftvegane eller matallergi-reaksjonar bør vere under overvaking av medisinsk personell etter ein alvorleg reaksjon.

Sjukdommar der straksallergiske reaksjonar står sentralt, er høysnue og annan allergisk snue (rhinokonjunktivitt), astma, elveblest (urticaria) og matallergi, og i tillegg anafylaktiske reaksjonar (allergisjokk).

Symptom

Symptoma ved straksallergiske reaksjonar kan vere milde, moderate eller alvorlege, og er gjerne avgrensa til eitt organ eller område på kroppen. Alvorlege straksallergiske reaksjonar som omfattar fleire organ blir kalla anafylaktiske reaksjonar.

Symptoma kjem av frigjering av histamin og andre signalstoff frå mastceller og basofile granulocyttar. Dette fører til at glatt muskulatur i luftvegane og tarmen blir trekt saman, medan blodårane blir utvida, samtidig som veggen i dei minste årane blir lekk, slik at væske siv ut frå blodet til vevet omkring. Frigjeringa av histamin fører til kløe i hud og slimhinner. Samantrekninga av glatt muskulatur i lungene gir trongare luftvegar og astmaliknande symptom, i tarmen kan samantrekninga føre til kolikksmerter og diaré. Utvidinga og lekkasjen i dei minste blodårane fører til opphovning av det området på kroppen der allergireaksjonen skjer, på grunn av meir væske i vevet (ødem). Til dømes kan augelokka, leppene, eine sida eller heile ansiktet hovne opp. Skjer opphovninga i tunga eller strupen, kan resultatet bli vanskar med å svelge eller å puste, og i verste fall kvelning. Hesheit er eit tidleg symptom ved allergisk reaksjon som rammar luftvegane.

Fordi mykje væske lekk ut fra blodårane, vil blodtrykket falle dersom reaksjonen er utbreidd, og resultatet kan bli svikt av blodsirkulasjonen (hypovolemisk sjokk). Ved utbreidd alvorleg straksallergisk reaksjon får ein difor både respirasjonssvikt og svikt av blodsirkulasjonen (anafylaktisk reaksjon). Avhengig av fase i den straksallergiske reaksjonen, kan huda bli raudflamma eller bleik.

Behandling

Behandlinga av straksallergiske reaksjonar avheng av alvorlegheitsgrad og kva for del av kroppen som er ramma. Ved alvorlege straksallergiske reaksjonar (anafylaksi) som kan vere livstruande, er det viktigaste og nødvendige elementet i behandlinga tidlegast råd å sette injeksjon av adrenalin intramuskulært med massasje av innstikkstaden etterpå, eller intravenøs injeksjon. Pasienten må ligge, helst med beina heva, og ikkje få lov å reise seg for tidleg. Tidleg start av behandlinga kan vere avgjerande.

I milde tilfelle er det ofte tilstrekkeleg behandling å fjerne allergenet ved å vaske huda eller skylle augene. Antihistaminar (tablettar, injeksjon) kan brukast ved milde og moderate reaksjonar, men desse medisinane verkar aller best førebyggande. Kortisonpreparat (salve, tablettar, injeksjon) kan ein også gje, men dei verkar forholdsvis seint. Ved astmaliknande symptom brukar ein inhalerbare beta-adrenergt stimulerande medisinar, eventuelt teofyllin (tablettar, injeksjon). Dei medisinane som er nemnde kan ein gje også som supplement til adrenalin ved alvorlege reaksjonar, spesielt kan tidleg tilførsel av steroidar være nyttig for å dempe seine 'bølge nummer to'-reaksjonar. Det er også viktig med rikeleg intravenøs væsketilførsel og eventuelt oksygen.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg