Sidan blodtrykket i venene er svært lågt, er dei ikkje sjølve i stand til å føre blodet opp til hjartet. Blodet strøymer passivt ved ein trykkgradient: På venesida er det høgare trykk ute i kroppen enn i hjartet. Til hjelp for dette er venene i armane og beina utstyrte med lommeforma veneklaffar (valvulae venarum) av bindevev, innvendig kledd med intima. Dei gjer det mogleg å føre blodet mot tyngdekrafta opp til hjartet ved hjelp av aktiviteten til den omkringliggjande skjelettmuskulaturen.
Klaffane deler vena i fleire mindre einingar i opptil 20 centimeters avstand, og minskar dermed trykket som blodsøyla elles ville utøvd på åreveggen. Då veneklaffane hindrar tilbakestrøyming av blodet, vil musklane i armane og beina klemme åreveggen saman og på den måten presse eller pumpe blodet mot hjartet.
Dersom åreveggen blir svekt eller forkalka, kan det resultere i at klaffane ikkje sluttar ordentleg saman og blir utette. Med det vil presset av blodsøyla utvide venene ytterlegare, noko som kan føre til forandringar i vevsstrukturen i venene (åreknutar).
I bryst- og bukhola, og i hjernen, er det ikkje veneklaffar. Her blir blodet ført oppover ved hjelp av dei endra trykkforholda som kjem av at vi pustar, og dessutan ved trykkreduksjonen i framkammera ved senkinga av klaffeplanet. Frå dei delane av kroppen som er høgare enn hjartet, blir veneløpet påverka av tyngdekrafta. Trykket her er derfor litt mindre enn i venene i underekstremitetane, og åreveggen er endå tynnare. Eit hemodynamisk særtilfelle finn vi i portvena i levra (vena portae), der media-muskulaturen fører blodet mot levra i regelmessige kontraksjonar.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.