Forseinka anafylaktisk reaksjon er ein allergisk straksreaksjon som ikkje kjem før etter ein time eller meir. Den kan ha fleire årsaker:

  • anstrengelsesutløyst matallergisk reaksjon
  • allergi mot pattedyrkjøtt (alfa-gal-indusert anafylaksi)
  • nattoallergi (mot fermentert soya)

Anstrengelsesutløyst matallergisk anafylaksi

Brød

Kveite er den kornsorten som oftast er rapportert, og denne anafylaksien har fått sitt eige namn, kveite-avhengig anstrengelsesutløyst anafylaksi (wheat-dependent exercise-induced anaphylaxis (WDEIA)).

Av .
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Anstrengelsesutløyst matallergisk reaksjon er ein anafylaksireaksjon på grunn av allergi mot ei matvare som ikkje blir utløyst utan at det også skjer fysisk anstrengelse.

Reaksjonen kjem som regel ved fysisk anstrengelse innan ein til fire timar etter matinntaket, men nokre gonger så seint som 24 timar etter. Maten aleine eller anstrengelse aleine løyser ikkje ut reaksjon; kombinasjon av mat og anstrengelse er nødvendig.

Nemninga Food-dependent exercise-induced anaphylaxis (FDEIA) vart i engelskspråkleg faglitteratur i 1983 introdusert for denne typen anafylaksi, som er både matavhengig og anstrengelsesavhengig. Ein anafylaktoid reaksjon utløyst berre av anstrenging utan kjent matallergi, blir kalla exercise-induced anaphylaxis (EIA).

Anstrengelsesutløyst matavhengig anafylaksi er lite vanleg, og er ein vanskeleg diagnose å stille, mykje fordi ein på grunn av tidsfaktoren ikkje så lett koblar det relevante matinntaket til reaksjonen. Diagnosen er likevel viktig å huske ved anafylaksi utan umiddelbart openberr årsak. I ei stor undersøking med 70 000 deltakarar vart anstrengelsesutløyst matavhengig anafylaksi påvist hos 1 av 5000 ungdommar.

Risikoen for anstrengelsesutløyst matavhengig anafylaksi er til stades i alle aldersgrupper, men mest hos tenåringar og unge vaksne. Risikoen synest ikkje vere avhengig av kondisjonsnivå. Risikoen blir auka av tilleggsfaktorar som er kjende for å auke risikoen for allergisk reaksjon, slik som acetylsalisylsyre og andre ikkje-steroide betennelsesdempande legemiddel (NSAIDs), alkohol, menstruasjon, høg eller lav temperatur, stress og infeksjonar.

Risikoen er nesten alltid knytt til ei spesifikk matvare. Skaldyr og selleri var dei matvarene som først vart oppdaga som årsak. Seinare har protein frå kveitekorn, bygg, rug, havre, bokkveite, ris, sennep, sesamfrø, erter, bønner, peanøtter, trenøtter, pinjekjerner, kastanje, kvitlauk, lauk, appelsin, fersken, druer, vin, eple, tomat, potet, fennikel, salat, sopp, sneglar, østers, reker og blekksprut, og kjøtt frå svin, villsvin, okse, kylling og kalkun blitt kobla til anstrengelsesutløyst matallergisk anafylaksi. Kveite er den kornsorten som oftast er rapportert, og denne anafylaksien har fått sitt eige namn, kveite-avhengig anstrengelsesutløyst anafylaksi (wheat-dependent exercise-induced anaphylaxis (WDEIA)).

Kveitekornet inneheld naturleg fleire allergene protein, og dessutan vert isolerte kveiteprotein kjemisk og allergenmessig endra mellom anna ved deaminering eller hydrolyse til bruk som emulgatorar og stabilisatorar i industrielt tillaga mat som supper, bakarvarer og ein del kjøttprodukt, mellom desse leverpostei og skinke. Hydrolyserte kveiteprotein vert også nytta i kosmetikk som såpe, sjampo, kremar og balsam. Bruk av slike produkt kan indusere allergi mot det endra kveiteproteinet, nokre gonger utan samtidig allergi mot naturleg protein frå kveitekorn. I Japan oppsto ein liten epidemi av kveiteprotein-avhengig anstrengelsesutløyst anafylaksi nokre månader etter lansering av ei ansiktssåpe med hydrolysert kveiteprotein. Kanskje på grunn av bruken av kveiteprotein i hudpleieprodukt er kveiteprotein-avhengig anstrengelsesutløyst anafylaksi meir vanleg hos vaksne enn hos barn og ungdom.

Symptoma som kjem først er vanlegvis frå huda, med raudfarge og kløe. Symptoma kan halde seg på dette nivået ved vidare anstrengelse, eller utvikle seg vidare til urticaria, angioødem og symtom på anafylaksi frå mage, luftvegar og blodsirkulasjon. Alvorlegheitsgraden kan variere frå svært lett til livstruande reaksjon.

Anstrengelsen som er nødvendig kan variere sterkt; frå lett gange eller hagearbeid til militær utmarsj og trening.

Tidsintervallet før symptoma kjem etter fysisk anstrengelse er oftast under 30 minutt, men nokre gonger mykje lengre, og i nokre tilfelle kjem anfallet etter avslutta trening. Det har òg vore tilfelle der reaksjonen har kome når maten vart eten umiddelbart etter fysisk anstrenging.

Diagnosen byggjer først og fremst på ei grundig sjukehistorie, med støtte av måling av spesifikt IgE i serum mot mistenkte matvarer.

Fysisk anstrengelse aukar risikoen også for tidleg anafylaktisk reaksjon på grunn av matallergi. Fleire mekanismar vert diskutert, mellom desse auka permeabilitet i tarmen ved anstrengelse, endra enzymaktivitet i tarmslimhinna, endra surheitsgrad i muskulaturen (pH) som destabiliserer mastcellene, omfordeling av blod frå tarm til anna vev som fører til spredning av allergenet til andre område enn mage-tarm, og anna.

Allergi mot pattedyrkjøtt, alfa-gal-allergi

Skogflått
Ixodes ricinus. Skogflåtten er utbredt i kystnære strøk på Østlandet.
Av /Biopix.
Lisens: CC BY NC 3.0

Alfa-gal-allergi er retta mot molekylet galaktose-α-1,3-galaktose, forkorta alfa-gal eller α-gal. Allergireaksjonen skjer oftast etter inntak av måltid med raudt kjøtt eller svinekjøtt.

Alfa-gal-allergien har samanheng med flåttbit. Molekylet vert ikkje øydelagt av oppvarming som ved koking og steiking.

Alt kjøtt, også fjørfekjøtt, kan vere årsak til anafylaktisk reaksjon av den vanlege, akutte typen. Allergien er då vanlegvis retta mot andre allergen enn alfa-gal.

Anafylaktisk reaksjon på grunn av alfa-gal kjem vanlegvis tre til seks timar etter eit kjøttmåltid med pattedyrkjøtt. Intens kløe og urticaria (elveblest) er vanlege tidlege symptom, før blodtrykksfall og ofte symptom frå mage-tarmsystemet. Tida etter måltidet før den anafylaktiske reaksjonen kjem, kan vere kortare dersom det er til stades forsterkanade faktorar som betennelsesdempande medisinar (NSAIDs), alkohol eller fysisk anstrenging, eller inntak av stor allergenmengde. Vanlegvis må det til om lag 100 gram kjøtt frå pattedyr for at ein skal reagere, men nokre organ har eit ekstra høgt innhald av alfa-gal, dette gjeld spesielt innmat som nyre frå svin.

Det er vanleg at pasientane som har allergi mot alfa-gal får råd om å vere forsiktige også med andre produkt frå pattedyr, som gelatin (i konfekt, iskrem, enkelte yoghurtprodukt), og pølseskinn frå gris som visstnok er mykje nytta i pølser produsert av kyllingkjøtt. Også i feitt frå pattedyr som vert nytta til frityrsteiking av matvarer som potet og fisk, kan det vere alfa-gal. Det er likevel uvisst kor ofte mengdene alfa-gal i dei nemnde produkta er store nok til å gi reaksjon. Mjølkeprodukt synest å vere risikofrie.

Når den anafylaktiske reaksjonen mot alfa-gal kjem forseinka og ikkje straks slik som IgE-medierte allergireaksjonar vanlegvis gjer, meiner ein at det kjem av den tida det tek å fordøye kjøttet og få kobling av alfa-gal til transportpartiklane (kylomikronar, LDL og VLDL) som gjennom ductus thoracicus når blodbanen.

Alfa-gal-molekylet er kobla til proteinmolekyl i vev, mellom desse kjøtt frå alle pattedyr unnateke menneske og andre primatar. Mangelen på alfa-gal hos primatar kjem av ein mutasjon, og fører til tap av immuntoleranse for dette molekylet. Normalt har alle menneske IgG-antistoff i blodet mot alfa-gal og ingen symptom, men ikkje IgE-antistoff. Jo høgare IgE-nivået i blodet er, jo større synest risikoen vere for klinisk reaksjon, jamvel om nivået av IgE som skal til for å løyse ut reaksjon synest å variere mykje både mellom individ og hos same individ over tid. Individ med blodtype B kan produsere IgE mot alfa-gal, men synest å vere beskytta mot klinisk reaksjon.

Den dominerande risikofaktoren for allergi mot alfa-gal er flåttbit, som i dei aller fleste tilfella både hos vaksne og barn synest å vere årsaka til produksjon av IgE mot alfa-gal. Det er usikkert om nokon har IgE mot alfa-gal utan å vere bitne av flått, eller eventuelt ha andre parasittar. Dei fleste pasientane med reaksjon mot kjøtt på grunn av alfa-gal har hatt flåttbit med langvarig kløe i siste flåttsesong. Fleire flåttbitt aukar risikoen. Flått har alfa-gal både i tarmen og i spyttet, og det er truleg på grunn av spyttet at det ved flåttbitt kan oppstå sensibilisering med produksjon av IgE mot alfa-gal. Kanskje er det andre stoff i spyttet som verkar forsterkande på sensibiliseringa, og vi veit dessutan at når eit stoff kjem i kontakt med immunsystemet gjennom huda, verkar det svært fremjande for IgE-produksjon.

Samanhengen mellom flåttbit og allergi mot raudt kjøtt vart først innrapportert av ei lokal pasientforeining til allergiforeininga for Georgia i USA og US Centers for Disease Control and Prevention (CDC) i 1989, men vart ikkje følgt opp. I 2009 kom det så rapportar både frå Australia og USA som slo fast samanhengen mellom kjøttallergien og flåttbit, og identifiserte allergenmolekylet. Alfa-gal-allergien var også årsak til reaksjon mot monoklonale antistoff brukt i medisinsk behandling. Det er no påvist mange tilfelle av alfa-gal-allergi; ikkje berre i USA og Australia, men også i Japan, Korea, Mellom-Amerika, og fleire land i Nord- og Mellom-Europa. Mellom desse er også Sverige og Noreg, og i Noreg er det pasientar som har fått denne diagnosen ved allergisenter både i Oslo, Bergen og Trondheim. I Noreg er det flåtten Ixodes ricinus som blir spreidd særleg med hjort og rådyr ein meiner er årsaka til alfa-gal-allergi og forseinka anafylaktisk reaksjon mot raudt kjøtt og svinekjøtt. På grunn av auken i hjortebestanden og mildare klima, er det venta at allergi mot alfa-gal vil bli enda meir vanleg; spesielt i innlandsområda og nord i landet.

Alfa-gal allergi er eitt av dei få tilfella der eit sukkermolekyl er årsak til klinisk allergi.

Nattoallergi

Allergisk reaksjon på natto kan komme så tidleg som etter ein halv time, men vanlegvis 5–14 timar etter matinntak. Natto er eit tradisjonelt japansk soyaprodukt laga av soyabønner fermentert med bakterien Bacillus subtilis (Bacillus subtilis var. natto).

Natto er rikt på vitamin K2. Natto blir servert på japanske restaurantar i mange land, og blir selt mellom anna på helsekostbutikkar i Noreg.

Sjølve allergenet i natto er ein polymer av glutaminsyre, poly-gamma-glutaminsyre (PGA). Den er ein hovedkomponent i slimet som vert danna ved fermentering av soyabønner, men finst også naturleg i gifta til brennmanetar. Kanskje er dette grunnen til at det er rapportert at scubadykkarar og brettsurfarar har nattoallergi oftare enn andre, og at ein person med nattoallergi kan reagere allergisk mot manetar.

Ingen tilfelle av nattoallergi er enno kjent diagnostisert i Noreg, men bruken av PGA som tilsetningsstoff til matvarer og som kjelde for vitamin K2 selt i kapselform i helsekostbutikkar synest vere aukande, og matvanane blir stadig meir internasjonale. PGA blir i tillegg brukt i hudpleieprodukt, som ikkje sjeldan er årsak også til matallergi mot stoff dei inneheld. Ein bør difor vere merksam på nattoallergi som ei mogeleg forklaring på anafylaktiske reaksjon utan åpenbar årsak.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg