Gallestein.

Gallestein. Skjematisk framstilling av gallegangane og mogleg lokalisering av gallestein.

Av /KF-arkiv ※.
Gallesteinar

Nokre gonger må fastkilte steinar i gallegangane opererast ut.

Gallesteinar
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Gallestein er steinliknande danningar i galleblæra eller gallegangane.

Gallen er ei salthaldig løysning der konsentrasjonen av dei løyste stoffa ikkje er større enn at dei held seg lause. Dersom denne balansen blir forstyrra, oppstår det utfellingar som blir til gallestein. På same måte oppstår nyrestein. Slike medisinske steinar kallar ein konkrement.

I Skandinavia finn vi gallestein hos cirka halvparten av alle vaksne, men dei aller fleste gallesteinane (95 prosent) ligg i galleblæra og gir for det meste ingen symptom.

Symptom

Gallestein som ligg i galleblæra, gir som regel ingen plager og blir ofte påvist tilfeldig. Somme kan ha uspesifikke symptom som kan likne på halsbrann, magesårsmerter eller magekatarr.

Dersom gallesteinane kjem over i gallegangen, kan dei gi kraftige smerteanfall under høgre ribbeboge. Slike smerteanfall blir kalla gallekolikk. Desse anfalla har ofte utstråling til høgre skulder, og dei kan ofte oppstå etter store, feittrike måltid. Slike måltid fører til kraftig galleutskiljing og fare for fastkiling av stein.

Fastkilte gallesteinar fører til at det hopar seg opp med galle, fordi drenasjen ut i tarmen blir blokkert. Avføringa blir lys i fargen («kittaktig»), og urinen blir mørk brun.

Komplikasjonar

Gallesteinsjukdom kan føre til komplikasjonar som galleblærebetennelse, gallegangsbetennelse (kolangitt) eller bukspyttkjertelbetennelse (pankreatitt).

Behandling

Akutte anfall blir behandla med smertestillande medikament. Nye anfall kan forhindrast ved at ein unngår store eller feittrike måltid.

Hos pasientar som plagast med hyppige gallesteinanfall eller galleblærebetennelsar, vil ein ofte vurdere å fjerne galleblæra kirurgisk (kolecystektomi). Då er risikoen for nye gallesteinar vesentleg redusert, men ikkje heilt borte.

Nokre gonger må fastkilte steinar i gallegangane også opererast ut. Behandlinga av stein i gallevegane skjer som oftast via eit røyr ned i spiserøyret og vidare ned til tolvfingertarmen (endoskop), med oppspalting av gallegangsopninga og uthenting av steinane.

Kjemisk samansetjing

Gallen er samansett av vatn, gallesalt, bilirubin, kolesterol, feittsyrer og lecitin. Kolesterol er nærmast uløyseleg i vatn, men blir halde i løysninga på grunn av innhaldet av gallesalt og lecitin. Dersom gallen inneheld mykje kolesterol eller bilirubin, eller lite gallesalt eller lecitin, er ein altså utsett for gallestein.

Hovudkomponentane i gallestein er kalsium, bilirubin og kolesterol. Auka utskiljing av kvar enkelt av desse tre komponentane kan dermed føre til gallesteinsdanning. Det same kan skje dersom gallen blir oppkonsentrert, til dømes dersom han blir ståande lenge i galleblæra.

Små utfellingar kan skyljast ut, men dersom dei blir verande i gallevegen, blir det etter kvart danna større steinar. Steinane har forskjellig utsjånad og forskjellige eigenskapar avhengig av kva hovudbestanddelar ein finn flest av. Ein skil mellom kolesterolstein og pigmentstein, avhengig av kva som er hovudbestanddelen i steinane. Kalkinnhaldet avgjer kor harde dei er og kor godt dei kan sjåast på røntgen.

Førekomst

Gallestein har svært varierande førekomst i ulike land og folkegrupper. Hos enkelte urfolksgrupper i Nord-Amerika har 75 prosent av kvinnene gallestein, og førekomsten aukar òg med alder. Generelt ser ein at kvinner, overvektige og personer over 40-50 år er overrepresentert.

Førekomsten fall under dei to verdskrigane, noko som tyder på at kosthald, mellom anna feittinnhaldet, påverkar førekomsten i befolkninga. I Skandinavia finn vi gallestein hos rundt halvparten av den vaksne befolkninga, men dei aller fleste ligg i galleblæra (95 prosent) og gir ingen symptom.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg