pollen - allergi

Pollenkalender. Figuren viser omtrentlig spredningstid for de viktigste allergifremkallende pollensortene og muggsoppsporer i ulike landsdeler.

Av /KF-arkiv ※.

Det finnes mange ulike typer pollen, og det er som oftest lett å bestemme arten til planten dersom man har pollenkornet.

Av /Dartmouth Electron Microscope Facility.

Pollen - allergi er hannlege, haploide spredningsorgan, som kjem frå pollenbærarar hos frøplanter. Pollen frå planter med vindbestøvning, som mellom anna gras og rakletre (bjørk, hassel og andre), er av stor betydning ved allergiske lidingar som høysnue og astma. Av alle allergen, er pollen den vanlegaste årsaka til allergi-symptom. Om lag 1 av 5 personar (20 prosent) i Noreg har pollenallergi.

Pollenkorna er årsak til allergi fordi dei både inneheld allergi-framkallande protein (allergen) som blir frigjorte, og i tillegg inneheld andre stoff som stimuler immunsystemet til å reagere med å produsere allergiantistoffet IgE.

Pollensesongane

Plantene sin produksjon av pollen har sterk sesongvariasjon, og produksjonsperioden varer frå nokre få dagar til månader. Om våren er årsaka til symptoma særleg pollen frå hassel, or, og bjørk, men også andre treslag som salix-familien med selje og vidje kan gje allergi.

Om sommaren er årsaka oftast ulike graspollen, og på ettersommaren og hausten ugrasplanta burot. Visse soppsporar, som ikkje er pollen, kan vere årsak til liknande symptom som ved pollenallergi. Dette skjer særleg på hausten, når plantemateriale ligg og rotnar.

Pollensesongen følgjer årstida, og startar derfor seinare jo lengre nord i landet ein kjem. Av same grunn kjem pollensesongen seinare i fjellet enn ute ved kysten. Etter at pollensesongen er over i lavlandet, kan derfor ein pollenallergikar få problem på nytt om hen reiser på hytta på fjellet. På grunn av at vintrane er blitt mildare, startar pollensesongen tidlegare enn før, og varer lengre.

Global variasjon

Graspollen blir spreidd over berre kort avstand, noen få hundre meter, medan trepollen blir spreidd mykje lengre. Bjørkepollen frå baltiske land og sør i Finland kan nå Finnmark.

I land med anna vegetasjon enn Noreg vil andre typer pollen vere viktige. I Italia er til dømes i tillegg til graspollen også pollen frå parietaria eller veggurt og oliven viktige årsaker til allergi. I Japan er det i hovedsak berre ein type pollen som gir allergi, japansk cedar. I Nord-Amerika er planta ragweed (noen gonger omtala som 'amerikansk burot') den viktigaste kjelda til pollen som gir luftvegsallergi.

Pollenvarsel og pollenkalenderar for ulike land vil vise dei viktigaste lokale pollentypene for sesongen.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg