Krupp er betennelse i slimhinnene i strupehovudet. Ein skil mellom ekte krupp og falsk krupp.

Faktaboks

Etymologi
av engelsk croup, ‘strupehoste’

Ekte krupp

Ekte krupp kan vere ledd i sjukdomsbiletet ved difteri, som er ein infeksjonssjukdom forårsaka av bakterien Corynebacterium diphtheriae. Ved difteri kan det bli danna hinner i svelget og luftrøyret. Desse kan gi alvorlege pustevanskar. Vaksine mot difteri inngår i barnevaksinasjonsprogrammet. Dette har ført til at sjukdommen ikkje lenger er vanleg i Noreg. I land der tilgangen til vaksinar er mangelfull, er difteri framleis ein alvorleg og livstruande tilstand.

Falsk krupp

Falsk krupp er relativt hyppig hos barn i alderen eitt til fem år, og er ei nemning som blir brukt på eit sjukdomsbilete med karakteristisk, gøyande hoste, hes stemme og ein kvesande lyd når barnet pustar. Falsk krupp blir vanlegvis forårsaka av virusinfeksjonar, oftast parainfluensavirus, som fører til betennelse og opphovning i strupen og luftrøyret.

Sjukehistorie

Barna har ofte hatt ein luftvegsinfeksjon i eit par dagar, og symptoma startar som regel éin til to timar etter at barnet har lagt seg om kvelden, med ein karakteristisk gøyande hoste og pustebesvær. Respirasjonen er høyrleg når barnet trekkjer pusten inn, og i særlege tilfelle kjem det inndragingar i halsgropa, på brystbeinet og under brystkassa. Allmenntilstanden er oftast god, og barnet har vanlegvis ikkje høg feber.

Behandling

Symptoma minkar ofte raskt når barnet blir teke opp av senga. Kald og fuktig luft er også gunstig. Ved sengeleie bør barnet ha overkroppen høgt, få godt med væske, og det bør vere kaldt på soverommet. Dersom desse tiltaka ikkje hjelper, vil det vere aktuelt å oppsøkje lege, der ein kan behandle med kortisonpreparat i pille- eller sprøyteform og inhalasjon av adrenalin. Denne behandlinga vil redusere hevelsen i strupen og luftrøyret.

Dersom barnet har store pustevanskar, vil det vere aktuelt med sjukehusinnlegging. I sjeldne, alvorlege tilfelle, kan det vere aktuelt å leggje barnet i narkose og leggje ein tube ned i luftrøyret for å sikre frie luftvegar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg