Angstdempande middel er legemiddel som brukast mot angst. Den viktigaste gruppa er benzodiazepinane. Etter ATC-registeret er også hydroksyzin og buspiron klassifisert som angstdempande legemiddel.

Faktaboks

Også kjend som

anxiolytika, beroligande middel

Det er likevel ei lang rekkje andre legemiddel som brukast eller har vore brukt ved angstlidingar, mellom anna betablokkarar (ved situasjonsbetinga angst, «prestasjonsangst»), legemiddel mot depresjon (ved panikkangst), antipsykotika (i veterinærmedisinen og ved abstinenstilstandar), barbiturat og meprobamat (før benzodiazepina ble innført).

Også alkohol, cannabis og opiat har ein beroligande og dimed angstdempande verknad, men brukast ikkje i handsaminga av angstlidingar.

Verkestoff

På den norske marknaden er det til saman fem verkestoff innanfor klassene av angstdempande middel.

  • benzodiazepinderivata diazepam, oksazepam og alprazolam
  • hydroxyzin (eit derivat av difenylmetan)
  • buspiron (eit derivat av azaspirodekandion)

Bruk

Angstdempande middel har i dag liten plass i klinikken. Antidepressiver er i dag fyrstelinjehandsaming av angst, og særleg når han medfylgjast av depresjon.

Angst handsamast med kognitiv terapi – anten åleine eller i kombinasjon med SSRI-preparat eller andre legemiddel mot depresjon som verkar på serotoninomsetjing.

Benzodiazepinderivat

Benzodiazepinane brukast som akutthandsaming ved angstlidingar. Dei kan i tillegg brukast ved søvnforstyrringar og i handsaming av krampar ved epileptiske anfall.

Benzodiazepinar verkar ved å binde seg til eit regulerande sete på GABAA-reseptorar i hjernen og verkar allosterisk ved å auka GABAs affinitet til reseptoren. Når GABA bind seg, endrar reseptoren struktur, slik at klorid kan strøyme inn i nervecellene. Dette har ein dempande effekt på hjernen.

Hydroxyzin

Hydroxyzin brukast til symptomatisk handsaming av angst. Det er det einaste antihistaminet som brukast angstdempande. Det brukast i tillegg for å handsame kløe ved elveblest.

Hydroxyzin er eit fyrstegenerasjons antihistamin. Det verkar som ein invers agonist for H1-reseptorar. Hydroxyzin kan krysse blod-hjerne-barrieren og verke i sentralnervesystemet. Dette er årsaken til den sederande effekten.

Buspiron

Buspiron brukast mot generalisert angstliding, og er mindre effektiv mot panikkanfall og alvorleg angst. Buspiron har ikkje effekt på fobiar.

Buspiron er ein partiell agonist for postsynaptiske 5-HT1A-reseptorar (undergruppe av serotoninreseptorar) og rein agonist for presynaptiske 5-HT1A-reseptorar, og bind seg òg til dopaminreseptorar. Likevel er det binding til serotoninreseptorane som er ansvarleg for den angstdempande effekten.

På serotonerge reseptorar verkar 5-HT1A som hemjande autoreseptorar. Det betyr at dei regulerer frisetjing av serotonin slik at mindre serotonin kjem ut i spalta mellom dei to nevrona (synapsen).

5-HT1A finst mellom anna òg på noradrenerge nerveceller i locus coeruleus, der buspiron påverkar opphissingssreaksjonar.

Biverknadar

Benzodiazepinane påverkar koordinasjonen. Vanlege biverknadar er døsigheit, forvirring og minnetap.

Buspiron har ikkje sedativ-hypnotisk effekt. Vanlege biverkandar er kvalme, svimmelheit, hovudverk og rastløyse

Vanlege biverkandar av hydroxyzin er døsigheit, munnturrleik og hovudverk.

Varsemdsreglar

Toleranse og avhengigheit er vanleg for alle benzodiazepinane. På grunn av avhengighet er det tilrådd med gradvis nedtrapping for å unngå abstinens.

Benzodiazepinane og hydroxyzin har raud varseltrekant på pakninga. Helsedirektoratet har utvikla ei detaljert lite over når helsekrava er oppfylt ved bruk av slike legemiddel.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg