Immunologisk trombocytopeni er ein autoimmun sjukdom der pasienten har for fåe blodplater (trombocyttar) i blodet. Sjukdommen kjem av at kroppen sitt eige immunforsvar angrip blodplatene. Sjukdommen blir vanlegvis kalla ITP.
Normalt er det meir enn 150 milliardar blodplater per liter blod. Det er først når konsentrasjonen har sokke til under 30 milliardar blodplater per liter at ein får symptom. Tilstanden gir blødingstendens, men alvorlege blødingar er uvanleg. Den blir behandla med immundempande middel.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.